Frå 1. januar 2020 blei kommunane Flora og Vågsøy slått saman til Kinn kommune. Kommunen har om lag 17 160 innbyggjarar, og er den 8. største kommunen i Vestland fylke etter folketal. Kinn består av to geografisk åtskilte delar, med Bremanger kommune i midten. Måløy og Florø er administrasjonssentre i kommunen, som begge er viktige kommunikasjons- og handelssentre.

Kystkommunen Kinn har eit innovativt og eksportretta næringsliv, hovudsakeleg innan fiskeri, oppdrett, skipsbygging og oljerelatert industri. Dei siste åra har det òg vore ei auke i teknologiverksemder. Kommunevåpenet er eit abstrakt symbol av baugen på ein båt, og illustrerer lange tradisjonar i marine og maritime næringar. Det kan også forestille ei bølgje, ei klippe eller ein spydspiss.

Måløy ligg på søraustsida av øya Vågsøy, kor ein blant anna finn kjende landemerker som Kråkenes fyr, Kannesteinen og Refviksanden, som har blitt kåra til ei av dei finaste badestrendene i Noreg. Måløy er ei viktig hamn med mykje industri knytt til fiskeri og oppdrett.

Florø er Noregs vestlegaste by, og ligg på øya Florelandet ytst mellom Botnafjorden og Solheimfjorden. Byen er kjend for verftsindustri og fiskeri/fiskeoppdrett, og er base for levering av tenester og produkt til oljeaktiviteten i Nordsjøen. Byen har eiga lufthamn, og både NHO Vestlandet og DNV GL har avdelingar i Florø. Her finn ein også Kystmuseet i Sogn og Fjordane og friluftsområdet Sørstrand Folkepark.

Kommunen har eit rikt og variert kultur- og idrettsliv. Det vert mellom anna arrangert fleire festivalar, som Havfiskfestivalen, Strandfestivalen Refvik, Våt Moro, Sildebordet og Florø Friidrettsfestival. I tillegg kan Kinn by på fantastiske natur- og friluftsopplevingar med sine fjelltoppar, øyer, fjordar og kvite strender.

Les meir om Kinn her.

Bilder © Visit Fjordkysten