Haram ligg like nord for Ålesund og er den nordlegaste kommunen på Sunnmøre. Arealet på 262km2 fordeler seg på eit stort fastlandsområde med fleire bygdesenter og kommunesenteret Brattvåg og ei øygruppe med fire store øyar kalla Nordøyane.

Kommunen er ei av de største landkommunane i Møre og Romsdal med 9084 innbyggjarar ( 2014). Karakteristisk for landskapet er ei smal stripe med busetnad langs sjøen og bratt terreng som stig mot fjell vel 1000 meter over havet. Alle bygdene har sitt særpreg og har vakre naturområde med hav, fjell, sjø og store vatn. Kommunenamnet Haram kjem frå Haramsøya, der den første hovudkyrkja vart bygd i det 11. århundre på Haram sørvest på øya.

Haram er ei av dei viktigaste industrikommunane på Sunnmøre. Industrien er hovednæring og av godt og vel 4000 arbeidsplassar i kommunen er halvparten i industri. Verkstadindustrien er dominerande og den som skaper grunnlaget for det sterke maritime miljøet i kommunen. Dette miljøet er ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Bedriftene i kommunen dannar eit nettverk av leverandørar og underleverandørar som kjøper tenester og varer frå kvarandre og har heile verda som marknad. Sentrale aktørar i dette miljøet er Rolls-Royce Marine med to avdelingar og VARD Group med fleire bedrifter innan skipsbygging. Det maritime miljøet i Haram er så stort at det utgjer mykje av grunnlaget for busetnad og aktivitet i kommunen. Industrien konkurrerer både med utanlandske og innanlandske aktørar om kontraktar frå nasjonale og internasjonale oppdragsgjevarar. I tillegg til verkstadindustrien har kommunen fleire større bedrifter  innan trevare, grafisk design og marine næringar. Haram er nabokommune til Ålesund, og dermed del av ein større bu- og arbeidsmarknad. Det er relativt stor utpendling frå  – og innpendling til kommunen.

Kultur har vore eit stort satsingsområde i Haram dei siste åra. Med to nye kulturhus og mange frivillege lag og organisasjonar er Haram ei levande kulturkommune i dag. Kommunen gir gode mulegheiter for eit variert friluftsliv.

I Haram kan du sjå korleis havet bryt mot kvitskura berg ytst på norskekysten, og kjenne deg i eitt med elementa. Mange stader i kommunen har Atlanterhavet skapt skulpturar av jettegryter og grotter, og Haram er fylt med fortidsminne som gravhaugar frå vikingtida, og vakre fyr. Nordøyane ligg som perler på ei snor nordover langs kysten, og er ideelle til sightseeingturar med sykkel.

For fjellvandrarar finst det fjell og toppar av ulik vanskegrad. Dei mange idrettslaga har merka turstiar i fjellet og langs fjøra. Om vinteren er det muleg å finne fint og variert skiterreng, spesielt i fastlandsdelen av kommunen. Det er mange fine fiskevatn og elvar i Haram, og sjøområdet mellom fastlandet og øyane utanfor er mellom dei mest fiskerike i distriktet. Kommunen er attraktiv både for lokale  – og mer langvegsfarande turistar.

Haram har mykje å tilby. Noko av det som er verdt eit besøk er Hamnsundhellaren, Ulla Fyr og det høgaste fjellet i kommunen, Skjerdingen.

Les meir om Haram på kommunen si heimeside.

Våre medlemmer