Blant fjellrik natur sentralt i Sogn og Fjordane ligg Førde. Kommunen fekk i 1997 bystatus og er i dag den mest folkerike kommunen i fylket, med om lag 13 000 innbyggjarar.

Førde er eit naturleg knutepunkt i regionen med direkte flysamband til Oslo og Bergen, og E39 som hovudveg gjennom Vestlandet. Førde har såleis ein sentral arbeidsmarkand for ein region som omfattar nærare 35 000 menneske. Byen er Norgesmester i handel, og har butikkar som dekkjer et område fem gonger større enn kommunen.  Forutan tenesteyting, er næringa prega av bygg og anlegg, landbruk, it og media. Sentralsjukehuset er den største arbeidsplassen i kommunen med om lag 1 400 tilsette.

Byen er også rik på kultur, der mellom anna Førdefestivalen – det største fleirkulturelle musikkarrangementet i Norge, blir arrangert i juli kvart år.

Kommunane Førde, Jølster, Gaular og Naustdal vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. Les meir her.

Meir informasjon om Førde finn du på kommunens heimesider.

Våre medlemmer