Fjaler kommune, eit ope samfunn.

Velkommen til Fjaler – ein kommune midt i verda.

Fjaler er ein kommune i Sogn og Fjordane, på sørsida av Dalsfjorden med om lag 2800 innbyggarar. Det administrative senteret i kommunen er i Dale.

Eit rikt organisasjonsliv med allsidige kultur- og fritidstilbod og med gode skular og barnehagar i nærmiljøet gjer Fjaler til ein god og trygg stad å vekse opp og bu i. Folk i Fjaler er stolte av sin eigen kultur og vil gjerne ta vare på den, men samstundes har Fjaler lange tradisjonar for å opne seg mot omverda og ta imot framande menneske og framande kulturar. Nordisk Røde Kors United World College, Nordisk kunstnarsenter Dale og europeisk utvekslingsprogram for ungdom gir Fjaler ein internasjonal dimensjon og etablerer eit unikt nettverk. Her ligg ein kime til nye og spennande etableringar. Dette mangfaldet er i høg grad med å gjere Fjaler til ein spennande, open og inkluderande kommune.

Jakob Sande vaks opp i Dale og var ein av Noregs mest folkekjære diktarar. Han skreiv om Vesle Daniel  som drog ut i verda og som kom heim «og hadde sett meir enn jordiske flest». Dette ligg som bakteppe når ein ynskjer fleire internasjonale samarbeid i framtida.

Les meir om Fjaler på kommunen si heimside.

Våre medlemmer