Balestrand inspirerer deg

Balestrand er ein langstrakt kommune som ligg på nordsida av Sognefjorden omtrent midt i Sogn.  Samla landareal på 430 km2, mykje av dette er fjell. Folketalet i kommunen er i overkant av 1300.

Det er 46 km til Sogndal og 105 km til Førde. Det tek ca 3 ½ time med ekspressbåt til Bergen . Vegen over Gaularfjellet er ein del av Nasjonal Turistveg.

Balestrand kallar seg «perla ved Sognefjorden» og reiseliv har heilt sidan siste halvdel av 1800-talet vore viktig for kommunen. Som ein kuriositet kan nemnast at bygda har nesten like mange gjestesenger som innbyggjarar.  Kviknes Hotel med sin store trebygning i sveitserstil er internasjonalt kjent.  Norsk Reiselivsmuseum som er eit nasjonalt museum for reiseliv i Noreg opna i 2016. Reiselivet er viktig, ikkje berre på grunn av dei arbeidsplassane som dette gir, men også på grunn av den attraksjonen dette kjem til å bli.

Industri, kraftforsyning, landbruk og servicenæringar er andre viktige næringar for kommunen. Utanom kommunen er Sygna Vidaregåande og Nesseplast dei største arbeidsgivarane. Sygna er ein privatskule eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband medan Nesseplast produserer emballasje i ekspandert polystyren – hovudsakleg for fiskeindustrien.

Balestrand  har 30- 40 nasjonalitetar representert blant sine innbyggjarar. Dette er eit høgt tal til å vere ein så liten kommune. Kanskje dette kan forklarast med lange tradisjonar med internasjonalt miljø skapt gjennom turismen.

Balestrand er i større grad  ein «bustadkommune» enn «sysselsettingskommune» , då ca 200 pendlar ut av kommunen – ca 100 pendlar inn.

Kommunen har mange  aktive frivillige organisasjonar, og  det er gode mogelegheiter for idrett- og friluftsliv både sommar og vinter. Det er full barnehagedekning og skulen har gode resultat.

Les meir om Balestrand her og på kommunen si heimeside.

Våre medlemmer