Voss – bygd for sterke opplevingar

Eg veit ei bygd med lange leine lider, som fell frå fagre fjell i dalen ned.

Vossasangen hyller bygda for den storslagne vestlandsnaturen. Men Voss er meir enn natur. Voss er eit regionsenter, ein arena for årlege festivalar og store idrettsarrangement, ei bygd som fostrar OL og VM vinnarar…

Regionsenteret Vossevangen i utvikling

Sentralt plassert i Hordaland, i hjarta av fjord-Noreg, er Voss eit knutepunkt mellom Hardanger og Sogn, mellom aust og vest og for både buss og jernbane i regionen. Både Bergensbana, stamvegen E16 og RV13 går gjennom Voss. Kommunen er eit regionalt skule- og handelssenter. Voss har kort avstand og hyppige togavgangar til Bergen (1t 15 min. reisetid). Hardangerbrua og Vangstunnelen har vore med på å styrkja regionsenteret frå 2013.

Dei største næringane i kommunen er offentleg tenesteproduksjon, handel, reiseliv og jord- og skogbruk. Det er eit breidt samarbeid mellom lokale verksemder og det offentlege, noko den nyetablerte Næringshagen på Voss skal bygga vidare på for å stimulera til nyskaping i Vossaområdet.

Voss ligg strategisk gunstig til mellom Hardangerfjorden og Sognefjorden og næringa har stort potensiale for vidare utvikling innan reiseliv. Utbetring av infrastruktur i området medverkar til at omlandet stadig aukar. Voss er då også utfordra til å ta del i forventa folketalsvekst i Bergensregionen dei næraste åra.

Når dei fastbuande i bygda ikkje er på jobb, nyttar dei gjerne naturen og landskapet i Vossaområdet for alt det er verdt. Naturen i heile Vossaregionen byr på gode opplevingar både sommar og vinter. Her er noko for gamal og ung, for den som vil vera aktiv eller for dei som berre vil nyta.

Frå bunad til jazzklubb

Eit rikt og mangfaldig kulturliv medverkar til utvikling, opplevingar og livsglede. Kulturtilbodet på Voss er omfattande og variert. Det spenner over eit stort spekter frå kunstgalleri, symfoniorkester, jazz-klubb til tradisjonar bygd på bunad og hardingfele.

Les meir om Voss på kommunen si heimeside.

Våre medlemmer