Spania har tatt over formannskapen i Rådet

Spania tok over Sverige sitt roterande formannskap i Rådet 1. juli. Den geopolitiske og økonomiske situasjonen sett sitt preg på arbeidsprogrammet for det neste halvåret, og blant dei mest sentrale prioriteringane er re-industrialisering, økonomisk rettferd og europeisk samhald. For Noreg sin del kan prioriteringane til den spanske formannskapen påverke norske interesser. Les mer

Stolt Vestlending i Brussel

Forventingane mine til praksisopphaldet hjå Vest-Norges Brusselkontor (VNB) kan ikkje seiast å ha vore noko anna enn skyhøge. Moglegheita til å søke seg til eit praksisopphald i Brussel var utslagsgivande for at eg valde å studere samanliknande politikk i utgangspunktet. Nokre informasjonsmøter og ein gjesteforelesing med direktør Merete Mikkelsen seinare, var prioriteringslista klar. Det verka som at Vest-Norges Brusselkontor trumfa alle andre kule moglegheiter. Det stemte.
Les mer

VNB fyller 20 år

I år fyller Vest-Norges Brusselkontor 20 år! Den første av fleire markeringar av jubileumsåret var ei fagleg samling for medlemane våre på Vestlandshuset i Bergen 9. juni, med fylkesvaraordførar Natalia Antonia Golis som vertskap.

Les mer

Millionbeløp i støtte til ungdomsprosjekt

Første søknadsrunde i Erasmus+ Ungdom er over og Vestland og Møre og Romsdal er blant topp fem fylker i Noreg til å få innvilga prosjektmidlar.   Les mer

Oppdatert: Maritim sikkerheitsstategi i EU

Europakommisjonen har i samråd med EU sin representant for utanriks- og sikkerheitspolitikk kome med ei kunngjering om ein styrka maritim sikkerheitsstrategi. Havet utgjer ein viktig del av Unionen sin økonomi av fleire grunnar. Til dømes vert 80% av verdas handel og to tredjedelar av fossilt brennstoff  frakta  til sjøs og heile 99% av globale datastraumar vert sendt gjennom undersjøiske kablar. Maritim sikkerheit er difor vesentleg for EU. Les mer

Noreg og EU i grøn allianse

Noreg og EU oppretta ein grøn allianse måndag. Avtalen vart signert av Jonas Gahr Støre og Ursula von der Leyen under statsministeren sitt besøk til Belgia i samband med Nordsjøtoppmøtet i Oostende. Alliansen med Noreg er den andre grøne avtalen EU har inngått med tredjeland. Den første avtalen vart inngått med Japan i 2021. Les mer

Digitalt kompetanseløft for ei digital framtid

Det europeiske kompetanseåret (European Year of Skills) startar å ta form og Europakommisjonen har òg satt digital kompetanse på agendaen.  I april kom Kommisjonen med to rådsanbefalingar og eit initiativ som føreslår løysingar for digitale utfordringar.

Les mer

Forslag til europeisk Hydrogenbank

Under sin årstale i september 2022 annonserte Ursula von der Leyen at hun ville opprette en europeisk hydrogenbank, og nå ligger et forslag fra Europakommisjonen på bordet. Forslaget kom i forbindelse med forordningen for nullutslippsteknologi (Net-Zero Industri Act) og forordningen for kritiske råmaterialer (Critical Raw Materials Act). Les mer

Grøne EU-ambisjonar i Næringsforum Vestland

Næringsforum Vestland var 20. og 21. mars på delegasjonsreise til Brussel. Næringsforumet hadde eit målretta program, som skulle bidra til å styrke konkrete grøne satsingar i fylket og vise at Vestland er ein god europeisk samarbeidspartnar. At dette har høg prioritet er det ingen tvil om, for både fylkesordførar Jon Askeland og byrådsleiar i Bergen, […]

Store ambisjonar i EU sin grøne industriplan

«The Green Deal Industrial Plan» skal betre vilkåra for grøn industriutvikling i Europa og bidra til målet om klimanøytralitet. Planen er eit direkte tilsvar på USA sin «Inflation Reduction Act» (IRA), og byggjer vidare på eksisterande initiativ under EU sin grøne giv (EU Green Deal) og energiplanen «REPowerEU». Dei mest sentrale forslaga i den nye industriplanen er forodningane «Critical Raw Materials Act» og «Net Zero Industry Act», som begge er rekna som EØS-relevant.  Les mer