Sogn og Fjordane testet ERRINs prosjektuke

Forsknings- og innovasjonsnettverket ERRIN arrangerer med jevne mellomrom en møteplass for regioner, der partnere finner hverandre for å utvikle prosjektidéer. Lars Hustveit har sammen med Trond Haavik fra Segel AS og Tage Rickard Sundell fra Bygg og Eigedom i fylkeskommunen lansert LocSus; en prosjektidé knyttet til å kombinere ulike energiformer parallelt med energiøkonomiseringen i bygg.

Forrige uke den 20.-22. november fikk Hustveit, Haavik og Sundell testet ERRIN da de deltok på Project development week. Lars Hustveit forteller følgende om sin erfaring fra denne uken.

«Vest Norges Brusselkontor sitt medlemsskap i ERRIN gjer oss moglegheit til å delta i årets prosjektutviklingsveke. Utbyttet av å delta var stort.  Idéen vår vart utvikla av Trond Haavik i Segel AS.  Teksten var på førehand kvalitetssikra slik at det var klar samanheng til siste utlysingstekst i EU sitt program for forsking og innovasjon, Horisont 2020.  Interesserte partnarar meldte si interesse der dei forklarte kva dei kunne tilføre.  Vi sila kven vi ville ha med og desse vart inviterte til vår presentasjon.  Der hadde vi i underkant av to timar til å drøfte idéen og kva potensielle partnarar kunne bidra med.  God førebuing sikra at vi brukte desse to timane godt.

I tillegg inneheld opplegget god informasjon om Horisont 2020, om ulike utlysingar og tips om korleis vi kan utvikle gode prosjektsøknader. Det var også mogeleg for oss å søkje om å få vere med på initiativ frå andre, og eg vart invitert til eit møte om «Resilient Villages».  Tida vil vise om vi får vere med på dette initiativet og om vi i så fall seier ja til det.

Denne opplevinga er slik eg ser det, eit klart døme på nytteverdien ERRIN-medlemskapen kan ha for oss.»

LocSus står for Local Sustainability og idéen er forankret i Sogn og Fjordane sin økonomiske utviklingsstrategi som fokuserer på fornybar energi, miljø og klima. Mer informasjon om prosjektet finner du her.