Nesten alle innbyggjarane i EU er miljømedvitne

 

Dei siste undersøkingane Europakommisjonen har gjennomført syner at meir enn 90% av dei spurte er opptekne av miljøet, og det gjeld i alle medlemsstatane. Eit stort fleirtal er einige i at meir effektiv utnytting av naturressursane og betre vern av miljøet kan få i gang den økonomiske veksten i Europa. Resultata frå undersøkinga syner òg at EU har brei støtte hjå folket når det gjeld handlingstiltak for miljøet.

Trass i finanskrisa meinar nesten ni av ti EU-borgarar at det bør setjast av midlar til miljøvenlege tiltak. Også når det gjeld lovgjevnad på EU-nivå er folk positive. Meir enn åtte av ti spurte meinar det er trong for EU-lovgjevnad for å verne miljøet i sitt heimland. Det er òg stor oppslutnad rundt å støtte land utanfor EU. 79 % av innbyggjarane meinar EU bør hjelpe andre land i verda med å ta vare på miljøet. 
 
Mange EU-borgarar meinar dei er relativt velinformerte om miljøet (60 %, ein auke på 5 % frå 2007), men etterlyser meir informasjon på fleire område. Berre halvparten av innbyggjarane meinar dei klarar å finna fram til miljøvenlege produkt med dagens miljømerkeordningar. Mange er òg opptekne av å bli betre informert om verknadane av kjemikaliar som påverkar helsa (40 %), bruk av genmodifiserte organismar i landbruket (37 %), forureining frå landbruket pga. bruk av sprøytemidlar og gjødsel, samt overforbruk av naturressursane (27 %).