Sogn og Fjordane fylkeskommune

Sogn og Fjordane er fylket midt på Vestlandet i Noreg. Det strekkjer seg frå kysten i vest og inn til langfjella i aust. Geografien er variert og storslått og gjer fylket til ein turistattraksjon i seg sjølv. Vi har kysten og storhavet, djupe fjordar, kalde brear og høge fjell. Vi har den lengste fjorden og den største breen i landet, i tillegg til 55 fjelltoppar over 2000 m.o.h.

Det bur over 109 000 menneske i Sogn og Fjordane, fordelt på 26 kommunar. Vi bur spreidd, med trygge lokalsamfunn og mindre byar. Dei største sentra er Førde, Florø og Sogndal, med store arbeidsmarknadar og mykje pendling.
Næringslivet i Sogn og Fjordane er i stor grad basert på ressursane naturen byr på, som landbruk, fruktdyrking, fiske, fiskeoppdrett, reiseliv, maritim verksemd og kraftproduksjon. Industri har også vore, og er svært viktig for fylket. Vi har næringsklynger innan blant anna høgteknologisk industri, maritim og offshore, finans og økonomi, design og energi og IKT. Fleire IKT-gründerar har etablert seg i fylket. Dette er ein bransje i vekst, og Sogn og Fjordane er eit lite fylke, der gründertankar kan realiserast raskt.

Natur og kultur går hand i hand i Sogn og Fjordane. Vi har fleire festivalar som er eit direkte resultat av naturen, som Fjellsportfestivalen i Sogndal og Våt moro i Florø. Fylket husar ei rekkje musikkfestivalar, der dei største er Malakoff Rockfestival på Eid og Førde internasjonale folkemusikkfestival. Vi har også festivalar for alt frå gamalost til nynorsk. Og vi har eit eige operahus og kunstmuseum. Vi er representerte på verdsarvlista til UNESCO med ein fjord – Nærøyfjorden – og ei kyrkje – Urnes stavkyrkje.

Les meir hos Sogn og Fjordane fylkeskommune og Framtidsfylket.

Våre medlemmer