Hordaland fylke ligg i sørvest Noreg, sentralt på Vestlandet mellom Sogn og Fjordane i nord og Rogaland i sør. I aust grensar fylket til Buskerud og Telemark og i vest til Nordsjøen, med Skottland på hi sida av havet.

Landskapet er variert og storslått med høge fjell, fjellplatå – Hardangervidda, fjordar, imponerande fossefall, isbrear – Folgefonna i sør og Hardangerjøkulen i aust, øyer, skjer og lune vikar.

Hordaland har 519 961 innbyggjarar (01.01.2017), om lag 10 % av det totale folketalet i landet, og er det tredje største fylket i landet rekna etter folketal. Hordaland er eit tverrkulturelt fylke med over 50 000 utanlandsfødde personar fordelt på vel 150 ulike nasjonalitetar. Det vart 62 trus- og livssynssamfunn i Hordaland som mottok statsstøtte i 2013.

Hordaland fylkeskommune sin administrasjon ligg i fylkeshovudstaden Bergen. Her er og statlege regionkontor og nasjonale statlege direktorat. Fylket er delt inn i 33 kommunar av svært ulik storleik frå Modalen med 372 innbyggjarar til Bergen med 271 949 (01.01.2014). I Bergen finner man et rikt utvalg av utdanningsinstitusjoner, som Universitetet i Bergen og Norges Handelshøyskole, samt flere viktige forskningsklynger

Hordaland er i dag ein leiande region innan fiskeri, akvakultur, maritime næringar, marinteknologi, turisme og energi.

Hordaland fylkeskommune har ansvar for å utvikle hordalandssamfunnet. Dei gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Fylkeskommunen har ansvar for vegsamband og legg til rette for verdiskaping, næringsutvikling, fritidsopplevingar og kultur.

Fylkestinget er øvste politiske organ i fylkeskommunen. Fylkesordførar Tom-Christer Nilsen (H) er øvste politiske leiar, mens fylkesrådmann Rune Haugsdal er øvste administrative leiar i Hordaland fylkeskommune.

Hordaland fylkeskommune er ein av fylkets største arbeidsgjevarar med om lag 4 600 tilsette og eit årleg driftsbudsjett på om lag 7 087 millionar kroner (2014). Investeringsbudsjettet er i 2014 på 5 359 millionar kroner, slik at totalbudsjettet kjem opp i 11 466 millionar kroner.

Les meir om Hordaland på fylkeskommunen si heimeside.

Våre medlemmer