Green Week 2011

Førre veke var det Green Week i Brussel og Europa. Hovudtemaet i år var energieffektivitet, og mottoet “Bruk mindre, lev betre”. Med 36 seminar på Europakommisjonen og mange andre tilleggsarrangement, var målet for konferansen å stimulere til debatt og utveksle gode eksempel rundt dette temaet. Dette var den ellevte utgåva av det største årlege arrangementet om EU sin miljøpolitikk, og meir enn 3000 menneske deltok på arrangementet.

Europeiske ekspertar, vitskapsmenn, bedriftsleiarar, miljøforkjemparar og offentleg tilsette var i Brussel for å diskutere EU si tilnærming til å verne og betre miljøet. Debattane fokuserte mest på korleis ein best kan hanskast med ressursmangel og utarming av ressursar. Europakommisjonen har teke avgrensingane på ressursar, og det at ein må nytte dei på ein meir berekraftig måte, med i berekningane, særskilt om ein ser på Europa2020-strategien. Eitt av hovudmåla her er eit ressurseffektivt Europa, eitt av sju flaggskipsinitiativ i strategien.

Noko av det viktigaste ein ynskte å oppnå med Green Week var å fremje større effektivitet i bruken av naturressursar. Men debattane fokuserte ikkje berre på dette, eit ressurseffektivt Europa er òg ei mogelegheit for vekst og fleire arbeidsplassar. Som det vart lagt fram av generaldirektoratet for miljø (DG Environment), skulle diskusjonane under Green Week òg gi høve til å utvikle denne innfallsvinkelen for å oppfordre til effektivitet, produktivitet og konkurransekraft ved å verne om miljøet og utnytte naturressursane på ein smart måte.

 Naturressursar er eit strategisk temaval for EU for å nå måla sine, og politikkområdet som vart dekka på Green Week gjekk utover miljøområdet: energi, samferdsle, klimaendringar, landbruk, naturmangfald, fiske og regional utvikling stod òg på agendaen.
Green Week gjev òg mogelegheit for å tilby nye perspektiv og oppfordre til konkurransedyktig økonomi og innovasjon. T.d. var eitt av hovudseminara ein presentasjon av ”Solar Impulse”-prosjektet, som inkluderte ei utstilling av det første flyet som går berre på solenergi. Dette var eit konkret eksempel på nye teknologi for fornybar energi og energisparing. ”Solar Impulse”-flyet sette m.a. ny rekord på ei flyging i fjor med meir enn 26 timar i lufta utan å fylle drivstoff.

På avslutninga av konferansen oppfordra Janez Potočnik, kommissæren for miljø, til å arbeide vidare med dei positive initiativa som vart presentert under konferansen. Han minna om at alle må gjere sin del i kampen mot klimaendringar og for å verne miljøet. Kommissæren sa at vi er ved eit vendepunkt, og at vi no har sjansen til å endre oss i retning av eit smartare, meir interessant samfunn med mange nye mogelegheiter. Denne overgangen til eit ressurseffektivt samfunn er naudsynt i lys av ”EU sin klima- og energipakke” og ”EU sitt vegkart for lågkarbon-økonomi i 2050”. Potočnik nemnde fleire måtar å nå desse måla på, som skattelette, relevante indikatorar, ta i bruk mantraet ”bruk mindre – bruk igjen”, men etterlyste òg eit ”modig” europeisk budsjett m.o.t. desse utfordringane.

”Ressurseffektivitet er eigentleg sunn fornuft,” ifølgje kommissæren. Betre styring av naturressursar er ei av dei viktigaste utfordringane for EU for å skape ein berekraftig grøn økonomi, særleg innanfor råmene av Europa2020-strategien. Overgangen til ressurseffektivitet er ei stor utfordring og det hastar, særleg når vi høyrer at utslepp av drivhusgass globalt har nådd nye rekordar i 2010 ifølgje International Energy Agency. Som kommissæren sa under opningsseremonien: ”Lat oss håpe at Green Week 2011 er den byrjinga på sunn fornuft-revolusjonen”.