Kamp mot vaksineskepsis etter rekordhøgt utbrot av meslingar i EU

Sidan januar 2011 har det vorte rapportert inn over 10 000 tilfelle av meslingar i atten forskjellige land i EU. Ein plutseleg ny framvekst av meslingar i Europa har sjokkert helseministrane i EU og sett fokus på den stadig aukande skepsisen rundt vaksinering mot epidemiar. Skepsisen seiast å skuldast middelklasseforeldre sin aukande redsel for faktiske og moglege biverknadar av vaksinering.

Verdens helseorganisasjon (WHO) kom i april ut med eit varsel om at meslingutbrotet i Europa er eit resultat av at fleire og fleire born ikkje blir vaksinert. Av 33 EU- og ikkje-EU land, er det berre registrert 6 500 vaksinasjonar frå januar 2011 til mars 2011. WHO spesifiserer at det aukande talet av undervaksinerte born i EU er dei som er mellom 10 og 19 år. EU-landa er i dag dei landa i den utvikla delen av verda med høgast tal tilfelle av meslingar.

Ifølgje Europeisk senter for sjukdomsførebygging og kontroll (ECDC) blei det mellom januar og april i år rapportert inn heile 275 tilfelle av meslingar i England, mot 374 tilfelle som det vart rapportert om i England for heile året i 2010. Dei som vart hardast råka av meslingar var i mange samanhengar turistar som hadde vore ute og reist i Frankrike, andre stader i Europa eller India. Frankrike er det EU- landet som er hardast råka av meslingar.
EU sine helseministrar har no starta formuleringa av ein framtidig kommunikasjonsstrategi for å nedkjempe den aukande skepsisen rundt vaksinering, og heller retta fokus mot det positive med immunitet. Ifølgje ECDC må minimum 95 prosent av befolkninga vere vaksinert mot meslingar for å eliminera denne epidemien.

Ifølgje ECDC er det sosiale medium som er noko av årsaka til skepsisen rundt generell vaksinering, då det blir skrive meir om biverknadar rundt vaksinering, enn om dei store tala på epidemiar og sjukdommar som har fått fatale konsekvensar grunna manglande vaksinering.

Sjølv om det meste av helsepolitikken føregår på nasjonalt nivå, har helseministrane i Europa sagt seg einige i at arbeidet med utfordringar rundt vaksinering burde ha ei europeisk tilnærming, då epidemiar og sjukdommar lett spreier seg over landegrenser.

Les meir om vaksinering her