Innovasjonspris for regionar.

Har din organisasjon gjennomført eit godt og innovativt prosjekt? Då kan det hjelpe din region til å vinne innovasjonsprisen for europeiske regionar!

Prisen har symbolsk verdi, og det ein får att er synleggjering av regionen og eit omdøme som innovativ region. Prisen er delt i tre delar, der juryen avgjer om dei finn ein verdig vinnar i kvar kategori. Dei tre kategoriane er økonomi (bidra til betre konkurransekraft, som t.d. støtte til SMBar), menneske (bidra til å utvikle Europa sin kunnskapsøkonomi ved hjelp av utdanning, arbeidstrening eller livslang læring) og teknologi (betre Europa sin posisjon innanfor forsking ved t.d. å investere i FoU eller betre samarbeidet mellom forskar og sluttbrukar).

I tillegg kan juryen plukke ut eit prosjekt som får tildelt ein heiderspris. Denne prisen går til eit lovande prosjekt organisert i ein særskilt utfordrande kontekst, men som syner sterk politisk vilje og god implementeringsmetodikk. Eit eksempel på eit prosjekt som har fått denne prisen er ”Mobile Mammography Unit” som gjer mammografiundersøkingar lettare tilgjengeleg.

Alle regionar som er medlem i AER (Assembly of European Regions) kan delta i konkurransen. Også organisasjonar som ligg innanfor ein medlemsregion kan delta i konkurransen direkte dersom dei legg ved ei tilråding frå dei lokale myndigheitene (dvs. eit følgjebrev frå fylkeskommunen dersom den er medlem). Søknadsfristen for innovasjonsprisane er 1. juni. For meir informasjon sjå her.