Europakommisjonen sitt budsjettforslag

29. juni presenterte Europakommisjonen budsjettforslaget for den neste sjuårsperioden (2014-2020). I eit forsøk på å redusere dei nasjonale bidraga freistar EU å krevje inn ein ny skatt direkte, noko Storbritannia var raskt ute med å kritisere som urealistisk.

Presidenten i Europakommisjonen, José Manuel Barroso, føreslår å auke EU-budsjettet frå 976 milliardar euro som det er i dag til 1 025 milliardar euro frå 2014. Det tilsvarar ein auke på 4,8%. I førre budsjettperiode betalte kvart av medlemslanda inn 1,12% av BNI til EU-budsjettet, noko Kommisjonen no prøver å redusere til 1,05%. Barroso understreka at Kommisjonen føreslår eit ”…ambisiøst men samstundes ansvarleg budsjett.”

EurActiv melder at forslaget frå Kommisjonen er konservativt i det at dei to største utgiftspostane er landbruk og regionalpolitikk. To nye område får vesentleg meir å rutte med, nemleg EEAS (EUs External Action Service) og innanriksområdet, som inkluderar grensekontroll, sikkerheit og innvandring. Mesteparten av desse midlane vert flytta frå administrasjonsbudsjettet som vert redusert, noko som nok vekkjer reaksjonar internt.

Det mest kontroversielle er nok likevel eit forslag om å krevje inn skatt på EU-nivå for å kunne redusere bidraga frå medlemslanda som per i dag står for størsteparten av finansieringa av budsjettet. Det er først og fremst skatt på finanstransaksjonar (European Financial Transactions Tax, FTT) Kommisjonen ynskjer å krevje inn.

Barroso føreslår òg å innføre ein EU-moms. I dag får EU ein del av den nasjonale momsen i medlemsstatane, tilsvarande ca. 14 milliardar euro i året. Det reduserar inntekta til medlemslanda, og Kommisjonen føreslår no altså å erstatte dette systemet med ein eigen EU-moms. Tidlegare har det kome fram at denne momsen vil vere på 1% i alle EU-land. Når ein kuttar ut det nasjonale moms-bidraget vil EU sitje att med ca. 41 milliardar euro i året ved å innføre den nye momsen.