Vår nye Europarådgjevar er på plass

Den 1. februar byrja Anna Lygre Solvang som ny Europarådgjevar hos Vest-Norges Brusselkontor. Ho tar over stillinga til Jorunn Kristina Skodje. Anna er allereie godt kjent med både EU og Brussel, og gler seg til å bli kjent med VNB sine medlemmar.

Anna kjem frå Samnanger kommune utanfor Bergen, men har budd mykje i utlandet både under og etter studietida. Ho har bachelor i interkulturell kommunikasjon og italiensk frå Universitetet i Bergen, og master i internasjonale relasjonar frå LUISS-universitetet i Roma. Mastergraden inkluderte også eit utvekslingssemester ved Renmin-universitetet i Beijing. Frå tidlegare har Anna arbeida som studentpraktikant ved Den norske ambassaden i Roma, og snakkar flytande italiensk.

Kontorutsikt med Samnangerfjorden i bakgrunnen.

Samningen kjem rett frå ein prosjektstilling som kommunikasjonsansvarleg ved Sørlandets Europakontor, og har med seg god EU-kunnskap i bagasjen. I tillegg har ho vore involvert i fleire EU-prosjekt, mellom anna i Interreg Nordsjø-prosjektet «Periscope». Anna ser fram til å bruke kompetansen sin inn i den nye jobben. «Det blir ekstra spanande å byrje hos VNB no som me går inn i ein ny periode for EU-programma. Her har Vest-Noreg gode føresetnader for å bidra til den grøne og digitale utvikling, og eg ser fram til å sjå kva regionen kan få til gjennom EU sine utdannings-, forskings-og innovasjonsprogram», seier ho.

Direktør Merete Mikkelsen er også svært glad for å få Solvang med på VNB-laget. «Anna har  jobba særleg mykje med sirkulærøkonomi og Green Deal, i tillegg til tema som blå vekst og energi. Saman med den internasjonale erfaringa ho har, er dette svært viktig kompetanse for VNB. Det er kjekt å sjå at ho er allereie etter ei veke er godt i gang med arbeidet hos oss», seier Mikkelsen.

Grunna smittesituasjonen for tida, går alt føre seg digitalt frå heimekontoret i Samnanger. «Som dei fleste har eg blitt godt vant til å jobbe digitalt, men eg håpar det snart vil bli mogleg å møta nokon av medlemmane våre fysisk ettersom eg er i Noreg». Sjølv om kontorutsikta er upåklageleg, ser ho fram til å kunne ta turen til Brussel også etter kvart.