Rekordhøg EU-motstand i Noreg

I ei ny måling frå Sentio kjem det fram at EU-motstanden i Noreg for tida er rekordhøg. Heile 66,2 % av norske veljarar ynskjer ikkje at Noreg skal bli medlem av EU. Motstanden har vore stabil på over 60% i over eitt år. Dei yngste veljarane er dei som er mest negative til EU. Berre 15 % av dei unge ville ha stemt ja til EU-medlemsskap i dag. 77 % av dei under 30 år er imot norsk medlemsskap i EU.

Tala syner at fleirtalet av veljarane seier nei til EU, uansett kva parti dei sympatiserar med. Høgre er det partiet som har det minste nei-fleirtalet, med 51 %, medan 38 % av Høgre-veljarane seier ja til EU-medlemsskap. For Arbeidarpartiet er tala 65 % mot og 30 % for EU-medlemsskap.

Både den nye direktøren for Norsk Utenrikspolitisk Institutt (NUPI), Ulf Sverdrup, og Erik Oddvar Eriksen, leiar for Arena, senter for Europaforsking ved Universitetet i Oslo, trekkjer fram den økonomiske krisa i Europa som grunngjeving for den høge EU-motstanden.
”All forsking viser at nordmenns handlingar blir avgjort av sysselsetjing og økonomi. Dei fleste land går inn i EU som følgje av ei økonomisk eller politisk krise, eller som eit resultat av at den samarbeidsforma dei har hatt med EU har brote saman. Det går godt i Noreg, og det går ikkje så godt i enkelte av EU-landa. Meiningane svingar med konjunkturar i EUs og Noregs økonomi ,” seier NUPI-direktøren.

Eriksen, som også vil kome med ei utfordring, har følgjande forklaring på målinga: ”EU har ikkje skapt krisa, men løysingane får store sosiale konsekvensar. Gjennom EØS-avtalen er vi ein del av den indre marknaden, og kan hauste fruktar frå EU-samarbeidet. Det ville ha vore interessant med ei måling der folk seier ja eller nei til EØS-medlemskap.”

Kjelde: Nationen