Plenumsmøte i Regionkomiteen

Onsdag 11. og torsdag 12. mai arrangerar Regionkomiteen sitt 90. plenumsmøte. Denne politiske samlinga gjev ei stemme til regionale og lokale nivå inn mot EU når det gjeld politikkutvikling og lovgjevnad. Regionkomiteen er ei rådgjevande myndigheit som arbeidar innanfor område som vil påverke regionalt eller lokalt nivå direkte. Ifølgje dei offisielle avtalane er Europakommisjonen, Europaparlamentet og Europarådet pålagde å høyre på kva Regionkomiteen meinar.

Programmet for plenumsmøtet er stramt. Hermann Van Rompuy, president i Europarådet, vil for første gong i sin presidentperiode vere til stades på eit plenumsmøte i Regionkomiteen. Van Rompuy kjem til å snakke om den siste utviklinga mot. implementering av Europa2020-strategien. Lokale og regionale myndigheiter er ein viktig del av strategien og avgjerande for at den skal bli ein suksess. Van Rompuy skal òg snakke om innvandring som følgje av situasjonen i området rundt Middelhavet. Mange lokale myndigheiter støyter på dette vanskelege spørsmålet.

Tøffe og restriktive statsstøttereglar i EU kan hindre utviklinga av basistenester til innbyggjarane som t.d. vassforsyning, avfallshandtering og sjukehus. Dette vil bli debattert på plenumsmøtet, og dei siste planane for endring av reglane for “tenester av generell økonomisk interesse” vil vere hovudtema i diskusjonen. Ein held no på å utarbeide eit nytt rammelovverk for offentlege innkjøp. Også dette påverkar lokale og regionale myndigheiter, og vil bli teke opp på møtet. Diskusjonen vil fokusere på målet om å skape ein meir effektivt europeisk marknad for offentleg innkjøp.

Diskusjonar rundt “betre katastrofeinnsats i Europa” og “auka effekt av utviklingspolitikken i EU” med fokus på inkluderande vekst og berekraftig utvikling vil òg bli tema på plenumsmøtet. Elles vil reforma av CAP (Felles landbrukspolitikk) vere eitt av dei viktige punkta på sakslista med vedtak av tre fråsegner om Europakommisjonen sitt forslag til ny CAP etter 2013. Ein meir rettferdig felles landbrukspolitikk, kvalitetsprodukta si rolle i å betre europeiske bønder si stilling på globalt plan, og utfordringar og mogelegheiter i meieribransjen som følgje av den føreslåtte reforma av føreskrifter for mjølkemarknaden er tema i dei føreslåtte fråsegnene.

Finn meir informasjon her

Det er òg verdt å merke seg at Regionkomiteen arrangerar ein konferanse 10. mai med tittelen: ”Sosial innovasjon: Europeisk visjon – lokal handling”.