Regionar ynskjer å skape vekst ved hjelp av territorielle avtalar.

Regionkomiteen får stadig meir gjennomslag for sitt ynskje om å inngå territorielle avtalar for å leggje til rette for implementeringa av Europa 2020-strategien på regionalt og lokalt nivå. Regionkomiteen meinar at mangelen på innspel frå regionane var eitt av dei største problema med  Lisboa-strategien, og at ein ny, felles strategi må inkludere lokale og regionale myndigheiter.

Nest etter landbruk går størstedelen av EU sitt årlege budsjett på 130 mrd Euro til arbeidet med regional utjamning. I neste budsjettperiode som startar i 2013 ynskjer Europakommisjonen å leggje til rette for meir involvering på lokalt nivå.

8. mars skal Mercedes Bresso, president i Regionkomiteen, diskutere territorielle avtalar og Europa 2020-stretegien med representantar frå medlemslanda. Les meir her.