Noreg i diskusjonar om Schengen-samarbeidet

Noreg var representert då justis- og innenriksrådet i EU vedtok å nytte to av dei årlege møta til strategiske og politiske diskusjonar angåande Schengen-samarbeidet.

Diskusjon om Schengen

EØS og EFTA-landa var med då justis-og innenriksrådet i EU, torsdag 8. mars, var samla til politisk og strategisk møte. Eit resultat av forhandlingane var vedtaket om halvårlege møte mellom justis-og innanriksministrane som skal settast av til strategiske og politiske diskusjonar om Schengen-samarbeidet. Diskusjonane vil gå føre seg i fellesorganet der Noreg også vil vere representert.

Støttar med 160 millionar

Ulovleg immigrasjon, styrking av grensekontrollar, spørsmål rundt den offentlege databasen Schengen Information System, og Hellas sin nasjonale handlingsplan for asylreformer var også på agendaen for møtet. Noreg skal hjelpe Hellas med å handtere straumen av flyktningar og asylsøkarar, og vil gjennom EØS-midlane bidra med om lag 160 millionar kroner.