Noreg deltek aktivt i utviklinga av nye retningslinjer for regional statsstøtte.

Noreg deltok nyleg på ein workshop i Brussel i samband med at Europakommisjonen skal revidere retningslinjene for regional statsstøtte. Noreg er omfatta av dette gjennom EØS-avtalen. På workshopen arrangert av Europakommisjonen ved generaldirektoratet for konkuranse (DG COMP) deltok representantar frå Kommunal- og regionaldepartementet, Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet og frå Finansdepartementet i tillegg til representantar frå ESA og EFTA.

Europakommisjonen ynskte med denne workshopen å komme i gang med revisjonsprosessen av retningslinjene. Innan distrikts- og regionalpolitikken er differensiert arbeidsgjevaravgift det viktigaste verkemiddelet for Noreg. Med tanke på bygdeutvikling og for å sikre busetjing i distrikta, er ei anna viktig sak investeringsstøtte til verksemder som ynskjer å etablere seg i desse områda. Dei norske representantane formidla Noreg sine prioriteringar på møtet som inneber vidareføring av slik investeringsstøtte samt differensiert arbeidsgjevaravgift i distriktsområda.

Europakommisjonen orienterte om framdriftsplanen og tek sikte på å avslutte revisjonen innan utgangen av 2012. I 2013 skal fokus vere på notifisering og landvise kart og støtteordningar. Noreg skal òg handsame ev. vidareføringar og justeringar med ESA. Implementering av det nye regelverket vil skje frå 1. januar 2014.

Noreg vil samordne sine innspel og synspunkt med svenske og finske myndigheiter. Det vil bli kalla inn til eit nytt møte i oktober 2011 der ein skal drøfte ei første skisse til revisjon grunna på medlemslanda sine erfaringar med eksisterande retningslinjer. Kjelde: Den norske EU-delegasjonen