Lokale myndigheiter kan få unntak frå statsstøttereglar

Europeiske regionar og byar treng ikkje lenger vere redde for å trø feil når dei subsidierar offentlege tenester som symjebasseng og barnehagar om ein skal tru siste nytt om dei nye reglane som er i ferd med å bli nedskrivne i Brussel. Europakommisjonen ynskjer å endra reglane for offentleg innkjøp slik at lokale myndigheiter skal sleppa å leggja småskala offentlege tenester ut på anbod.

“Statsstøttereglane slik dei er i dag gjeld òg for lokale tenester i små kommunar,” sa kommissæren for konkurranse, Joaquin Almunia, på ein konferanse om offentlege tenester tidlegare denne månaden. “Det er tydeleg at mange av desse tenestene har liten innverknad på handel mellom medlemsstatane og lite potensial for å hindre konkurranse. Vi må tilpasse overvakingsarbeidet og fokusere på det som klart påverkar den indre marknaden”.

EurActiv sine kjelder som jobbar tett med Almunia seier at dette er den nye retninga den viktigaste avdelinga i Europakommisjonen, Generaldirektoratet for Konkurranse (DG Competition), er i ferd med å ta. Avdelinga har oppsyn med store fusjonar og statsstøtte til store børsnoterte selskap.

Ein EU-tilsett som uttalar seg anonymt seier til EurActiv at dei fleste som jobbar i DG Competition meinar det er ei pest og ei plage når dei t.d. må sakshandsame klager vedrørande eit symjebasseng i Dresden. Det er ikkje ein sakstype som bør handsamast i Brussel, meinar den EU-tilsette. Han trekk fram eit eksempel frå Utrecht i Nederland, der ein ordførar ville bruke eit offentleg busselskap til å skysse elevar til symjebassenget på eit tidspunkt på dagen der det var lite å gjere både for symjebassenget og busselskapet. Men eit tysk firma klaga på ordninga fordi busskøyringa ikkje hadde vorte lagt ut på anbod.

Med dei nye reglane treng ein ikkje leggje slike små offentlege tenester ut på anbod. ”Her er det ikkje snakk om RATP,” forklarte den EU-tilsette, med referanse til metroen i Paris. ”Store selskap med internasjonal aktivitet vil framleis komme inn under reglane for statsstøtte og offentlege innkjøp.”

“Kommisjonen vil framleis følgje med på storskala, kommersielle tenester med klar innverknad på den indre marknaden,” uttrykte Alumnia. ”I prinsippet er anbodsprosedyren den beste måten å sikre at den mest effektive tilbydaren blir valt.”

Det er forventa at Europakommisjonen vil komme med ein kommunikasjon i november for å endre det noverande reglementet for offentlege innkjøp.