Kva meinar du om dei nye forskingsprogramma?

Fram til 20. mai kan alle interesserte komme med innspel på forslaget til nye forskingsprogram som Europakommisjonen presenterte i grønboka ”Towards a Common Startegic Framework for EU Reasearch and Innovation Funding”. Dei nye forskingsprogramma skal etterfølgje 7. rammeverkprogram for forsking og utvikling (FP7), EU sitt program for innovasjon og konkurranseevne (CIP) og ”European Institute of Innovation and Technology” (EIT) frå 2014.

Eit viktig mål for den neste programperioden er at desse programma no skal utfylle kvarandre betre, og at ei verksemd skal kunne få støtte heile vegen frå idé til marknad. Andre hovudpunkt frå forslaget er at det skal bli lettare å delta i programma, at både økonomisk og vitskapleg effekt av programma skal bli større og at ein skal få meir ut av pengane. Programmet skal òg bidra til å nå måla om ein smart, berekraftig og inkluderande økonomi i Europe2020 og Innovation Union.

Les meir her. Svar på konsultasjonen her