Eurobarometer: ”New Europeans”

Europakommisjonen sitt generaldirektorat for sysselsetjing og sosiale spørsmål gav nyleg ut Eurobarometeret “New Europeans”. Bakgrunnen for undersøkinga er å sjå korleis ev. tilknyting til andre land påverkar respondenten sine svar i dei ulike temaa som vert tekne opp i undersøkinga. Dette Eurobarometeret er sett saman av fire delar: ”Type tilknyting”, ”Planar om å flytte til eit anna land”, ”Tilknyting og kjensle av tilhøyrsle” og ”Identitet”. Du kan sjå ei oversikt her.

Fire typar tilknyting

Fire ulike typar tilknyting er fastsett: ”Utanlandsk familiebakgrunn”, ”Personlege forhold”, ”Personleg erfaring” og ”Sosiokulturelle band”. Under desse kategoriane vert fleire ulike tema om livet og kvardagslivet til europeiske innbyggjarar tatt opp.

Det er gjennomført ein detaljert analyse av ”Utanlandsk familiebakgrunn”. Når det gjeld kvar respondenten og hans/hennar foreldre og besteforeldre er fødde, svara majoriteten av europearar (åtte av ti) at alle fire besteforeldra deira er fødde i det landet dei er busette. Luxembourg skil seg klart ut som det landet der flest svara at dei hadde foreldre eller besteforeldre fødde i eit anna land. Austerrike, Tyskland, Frankrike og Storbritannia er dei neste landa på lista.  12% av respondentane har ikkje same statsborgarskap som alle sine fire besteforeldre. Det gjeld minst ein av besteforeldra i Luxembourg (61%), Latvia (40%), Austerrike (32%), Estland (31%) og Frankrike (28%).

Respondentane sitt personlege forhold til andre land vart også undersøkt. Her kjem det m.a. fram at fire av ti europearar har nære vener som bur i eit anna land, og at meir enn ein fjerdedel har nære vener som kjem frå eit anna land og/eller nære slektningar som bur i utlandet. 8% av europearane svara òg at dei bur eller har budd saman med ein partner med ein anna nasjonalitetsbakgrunn.

Erfaringar med å bu i andre land er også teke omsyn til i undersøkinga (arbeid, utdanning eller eigedom i utlandet). 8% av dei spurde har gått på skule eller studert minst eitt semester i eit anna land. I undersøkinga har ein òg sett på andre sosiokulturelle band som mat, kulturliv eller fritid. T.d. meinar 34% at dei kan kommunisere flytande på eit anna språk enn språket i det landet dei bur i.

Planar om å flytte til eit anna land

Deltakarane i undersøkinga vart òg spurt om kor sannsynleg det var at dei kom til å flytte utanlands i løpet av dei neste ti åra. Berre 11% meinte at det var ganske eller særs sannsynleg at dei kom til å flytte til utlandet. Latvia (34%), Litauen (24%) og Luxembourg (20%) er dei landa der folk er mest tilbøyelege til å flytte til eit anna land. I motsett ende av skalaen finn vi Tsjekkia (80%), Italia (76%), Kypros (75%) og Ungarn (74%). Når landet dei ev. ynskjer å flytte til vert nemnt, ser halvparten av dei som var positive til å flytte føre seg å flytte til eit anna EU-land, 7% innanfor Europa, men ikkje innan EU, og 36% til eit land utanfor Europa (22% av desse ynskjer å flytte til USA, Canada, Japan, Australia eller Japan).

Tilknyting og kjensle av tilhøyrsle

51% av europearar seier at dei kjenner tilknyting til minst eitt anna land. Frankrike, Italia og Spania er dei landa som vert nemnt oftast (8% kvar). To hovudkategoriar med faktorar forklarar denne tilknytinga til andre land: ”Personleg tilknyting” (vener og slekt) og ”Sosiokulturelle Interesser” (mat, ferie, kultur, idrett, nyhende). Derimot vert personlege erfaringar som arbeid eller studiar i utlandet sjeldnare nemnt.

I denne undersøkinga ser det òg ut til at europeiske innbyggjarar har sterkare tilknyting til landet sitt (totalt 93% – 56% veldig/37% ganske sterk tilknyting) enn til lokalt, regionalt eller europeisk nivå. Når det gjeld EU, er meir enn halvparten positive i svara sine (53% – 12% veldig/41% ganske sterk tilknyting). Den yngste aldersgruppa har sterkare tilknyting enn den eldste (57% for dei mellom 15 og 24, og 50% for dei over 55 år). Her finn ein òg ein skilnad mellom dei som har høg utdanning og som plasserar seg sjølv høgt på den sosiale stigen (begge 58%) og dei som har låg utdanning (46%) eller som plasserar seg sjølv langt nede på den sosiale stigen (45%).

Identitet

Både nasjonal og europeisk identitetskjensle vart undersøkt. 49% av respondentane såg på det å bli fødd i eit land som det viktigaste for nasjonalkjensla. Så kjem det å meistre landet sitt offisielle språk (34%) og det å kjenne seg som den aktuelle nasjonaliteten (34%), før det å dele kulturelle tradisjonar (33%) og å utføre borgarrettar og –plikter som t.d. å stemme (33%).

På europeisk nivå er det 53% av dei spurte som uttrykkjer at dei kjenner tilknyting til EU. Dei to viktigaste elementa for å kjenne ei tilknyting til EU er ifølgje ein tredjedel av dei spurte euroen (36%) og demokratiske verdiar (32%). Geografi og felles kultur kjem etter på lista med 22%, og berre 5% nemner felles religionsbakgrunn.

Det er skilnadar mellom dei ulike EU-landa. Felles valuta skårar betre i eurosona (46%), men berre 18% i dei andre EU-landa, 39% i dei gamle medlemslanda (EU15) mot 25% i dei tolv nye landa. Blant desse to sistnemnte gruppene er det òg ein skilnad når det gjeld demokratiske verdiar som skårar 34% i EU15 mot 24% i dei nye medlemslanda. Til sist, når det gjeld viktigheita av ein europeisk identitet, er det å vere europeisk viktig for 58% av respondentane, medan 40% ikkje bryr seg om dei er europeiske eller ikkje.

Eit anna mål med denne undersøkinga var å fastsetje ein kategori for “Nye europearar”. Som forklart i undersøkinga er dei definert som ”personar som bur i EU og som har forbindingar med meir enn berre det landet dei bur i.” Denne kategorien omfattar born av innvandrarar, par med ulik nasjonalitet, internasjonale studentar, pensjonistar som bur i utlandet og personar som bur i eit anna land enn heimlandet sitt. Ein analyse av svara deira er laga for kvar del av studien.