Kinn kommune er nytt medlem i VNB

Vi vil ynskje Kinn kommune hjarteleg velkommen som medlem i Vest-Norges Brusselkontor. VNBs direktør, Merete Mikkelsen, er særs nøgd med å få ein så viktig kystkommune med på laget.     

Måløy – Visit Fjordkysten

Tidlegare denne månaden tikka det inn ein hyggeleg mail om at Kinn kommune ynskte å melde seg inn i VNB. «Det er kjekt at vi no representerer ein enda større del av regionen vår. Kinn har mykje å by på i ein internasjonal kontekst, og viktige interesser å ivareta», seier Mikkelsen. Kommunen har mellom anna eit stort fokus på bærekraft og vidareutvikling av moglegheitene som ligg i havrommet. Det er politisk vedteke at Kinn skal vere ein nullutslepps-kommune innan 2030. I tillegg står hydrogen høgt på prioriteringslista. Saman med industriaktørar og hydrogenklynga Ocean Hyway Cluster i Florø, som er driven av Hub for Ocean, er kommunen med i eit konsortium som skal utvikle ein hydrogendreven hurtigbåt. Den skal gå mellom dei to kommunesentra Florø og Måløy, og vil binde dei to byane enno tettare saman. Hydrogenfartøyet skal etter planen vere i drift frå 2023 eller 2024.

«Kinn er ein utadretta kommune som lever for og av kysten. Vi har ambisjonar om å skape vekst og utvikling i kommunen og regionen både for næringsliv og ikkje minst for oss som bur her, og spesielt for dei som kjem etter oss. Medlemskap i Vest-Norges Brusselkontor fører oss enno litt tettare på Europa, og bidreg til at samarbeid kan utviklast saman med dei som deler våre ambisjonar, særleg på miljø og bærekraft», seier Ola Teigen, ordførar i Kinn.

Hydrogen er også eit prioritert innsatsområde i både EU og resten av regionen vår, og er noko VNB følgjer tett. Vi har tidlegare samarbeida med hydrogenklynga gjennom Vestland fylkeskommune og Hydrogen Valleys, eit partnarskap for regionar i Europa som skal etablere konkrete samarbeidsprosjekt for hydrogen. I fjor haust var kontoret også til stades på den femte internasjonale konferansen for maritimt hydrogen, som vanlegvis blir halden i Florø. Her deltok Mikkelsen i eit panel om europeiske finansieringsordningar.

VNB ser fram til eit godt samarbeid med Kinn!

 

Bilder © Visit Fjordkysten