Næringsforum Vestland var 20. og 21. mars på delegasjonsreise til Brussel. Næringsforumet hadde eit målretta program, som skulle bidra til å styrke konkrete grøne satsingar i fylket og vise at Vestland er ein god europeisk samarbeidspartnar. At dette har høg prioritet er det ingen tvil om, for både fylkesordførar Jon Askeland og byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik, deltok for å fremje viktige satsingar som Grøn region Vestland og Havbyen Bergen. Opphaldet blei toppa med arrangementet «Upscaling and Upskilling! Breaking Down the Barriers to a Green Transition». Tidlegare Europakommissær, Janez Potočnik, utfordra publikum på viktige sirkulærøkonomiske tankesett, før ein panelsamtale om grøn kompetanse og oppskalering av grøne løysingar. Tematisk sett var arrangementet godt plassert, med European Year of Skills og den nylege lanseringa av EU sin Green Deal Industrial Plan som bakteppe.

Grøne samarbeid

Næringsforum Vestland hadde konkrete mål med delegasjonsreisa, som særleg var knytt opp mot dei grøne industrisatsingane i Vestland. Dei faglege innlegga tok difor for seg tema som EU sin industripolitikk, næringslivet si rolle i forsking og innovasjon, samt grøn omstilling og energisikkerheit i europeisk kontekst. Ei gjentakande problemstilling som kom opp er at politikkutforminga i EU no skjer i eit lynraskt tempo, og at det difor er avgjerande å halde seg oppdatert for å henge med i svingane. Medlemmane i Næringsforum Vestland fekk også høve til å møte sine respektive Brusselkontor og andre norske aktørar i Brussel for å få innsikt i korleis det norske miljøet jobbar for å fremje norske interesser. Dette viste også korleis samarbeidet i Team Norway, på tvers av organisasjonar, fungerer.

Upscaling and Upskilling!

Arrangementet «Upscaling and Upskilling! Breaking Down the Barriers to a Green Transition» fekk svært god oppslutning, og blant dei nær 100 deltakarane fant ein representantar frå regionkontor, utdanningsinstitusjonar og næringslivsrepresentantar frå heile Europa. Byrådsleiar i Bergen, Rune Bakervik, som også er styreleiar i Vest-Norges Brusselkontor, opna med å peike på rolla Havbyen Bergen ynskjer å ta i det grøne skiftet framover. Han inviterte samstundes til One Ocean Week i Bergen i midten av april. Grøn region Vestland presentere sitt arbeid for grøn omstilling i Vestland, og fylkesordførar Jon Askeland inviterte dei frammøtte til samarbeid både i og utanfor Vestland. Han understreka at Vestland er ein aktuell og stabil partnar for europeisk samarbeid om framtidas grøne løysingar.

Sirkulærøkonomiske perspektiv

Janez Potočnik er ein av leiarane for FN sitt Internasjonale Ressurspanel, og har tidlegare vore Europakommissær for både miljø og forsking. I sitt innlegg teikna han eit bilete av utviklinga av ressursbruken i verda, og peika på at sirkulærøkonomiske modellar er heilt nødvendige for å skape ei god framtid. Han utfordra oss til å fokusere på måla for sirkulære løysingar, og at forbruk og kjøp av nye ting ikkje er ei god løysing i så måte. I panelsamtalen som følgde  kom det globale, europeiske og lokale perspektiv på korleis vi kan få fart på utviklinga innan grøn kompetanse og grøn oppskalering. Andrea Liverani frå Verdsbanken, Ragnhild Skaalid frå Europakommisjonen og Helene Frihammer som leiar NHO Vestland, ga oss interessante perspektiv i samtalen. Margareth Hagen, rektor ved UiB, oppsummerte paneldebatten på vegne av Næringsforumet. Både arrangementet og panelet  vart leia av vår direktør, Merete Mikkelsen.

Vi er glade for at VNB-medlemmane Vestland fylkeskommune, Bergen kommune og Høgskulen på Vestlandet er sentrale aktørar i Vestland Næringsforum. Forumet fortset no arbeidet sitt med å styrke den grøne omstillinga for næringslivet i regionen, og Brussel-reisa viser tydeleg  at europeiske koplingar vil vere heilt sentrale i dette arbeidet framover.

Stor takk til gode kollegaer på UiB og i Vestland fylkeskommune for strålande samarbeid rundt delegasjonsreisa!