Frankrike skal styre Rådet under mottoet “Recovery, Strength and a Sense of Belonging” 

Frå 1. januar tar Frankrike på ny over det roterande formannskapet i Rådet. Landet er først ut i den 18-månader lange formannskapstrioen saman med Tsjekkia og Sverige. Programmet er ikkje offentleggjort enno, men Frankrike sin president, Emmanuel Macron, har gitt nokre smakebitar. 

Frankrike var eitt av seks land som var med å etablerte det me i dag kjenner som EU, og skal no leie Rådet for 13. gong. I april er det òg duka for presidentval, og Frankrike kan dermed få ein ny president midt i formannskapsperioden. Rådet for Den europeiske union har lovgivande makt saman med Europaparlamentet, og består av ministrar frå alle medlemslanda. Formannskapet har ansvaret for å leie rådsmøta og trygge kontinuitet i Rådet. Formannskapstrioen har ein felles agenda som er utgangspunktet for arbeidet, men landa får også høve til å løfte fram sine eigne prioriteringar. 

Den førre formannskapstrioen (ofte omtala som “troika”) bestod av Tyskland, Portugal og Slovenia, og Covid-19 har naturleg nok prega mykje av arbeidet. Det er også Frankrike førebudde på. Programmet er ikkje klart enno, men Emmanuel Macron gav nyleg eit overblikk over nokre av prioriteringane under ein pressekonferanse. Macron uttalte at dei tar over formannskapet i ein krevjande periode, med ein pandemi som ikkje slepp taket, klimakrise, større ulikheiter og auka spenning ved EU sine yttergrenser.  

Blant dei viktigaste prioriteringane er: 

Digitalisering:  På den digitale fronten, er hovudprioriteringa å gjennomføre Digital Markets Act (DMA) og Digital Services Act (DSA). DMA rettar seg mot mangelen på konkurranse i digitale marknader, medan DSA omhandlar openheit og forbrukarvern. 

Klima: Frankrike vil prioritere “fit for 55”-pakken, og særleg arbeidet med å iverksette eit system for karbontoll, Carbon Border Adjustment Mechanism (CBAM). Formannskapet vil i tillegg jobbe for å få framgong i arbeidet med ein europeisk modell som skal hindre import som bidrar til avskoging. 

Forsvare den sosiale modellen i Europa: Pandemien har ført til auka arbeidsløyse, og etablering av nye arbeidsplassar vil difor bli viktig. Macron understreka at ein også må passe på å skape dei rette jobbane, og trakk mellom anna fram hydrogen og batteri som nøkkelsektorar. Den 10. og 11. mars vil Frankrike arrangere eit toppmøte, der en ny europeisk vekst- og investeringsmodell vil vere hovudfokus. 

Gjennomføring av dei nye direktiva for minsteløn og openheit om løn står òg høgt på lista. Norske myndigheiter har førebels konkludert med at direktivet for minsteløn ikkje er EØS-relevant, då det fell utanfor det saklege og geografiske verkeområdet i EØS-avtalen. 

Reform av Schengen-området: I lys av utfordringane på grensa mellom Polen og Kviterussland, ynskjer Frankrike å få betre grensekontroll ved å opprette ein politisk styringskomité. Formannskapet vil også forsvare opprettinga av ein «nødgrensestøttemekanisme» i samarbeid med Frontex, som vil gjere det mogleg med rask utplassering av politi og utstyr ved grensene når det er naudsynt.  

Les meir om det franske formannskapet på den offisielle nettsida.