EUSEW: Kan vi lære noko av andre regionar?

Frå 11. -15. april var det European Union Sustainable Energy Week (EUSEW) her i Brussel. Vest-Norges Brusselkontor deltok aktivt under heile veka, og arrangerte også seminaret “Winds of Change in the North Sea: The industrial, societal and governance challenges of implementing off-shore wind energy” saman med regionkontora East-England, Central-Denmark og Mid-Norway. 

EUSEW er òg ein god måte å oppdage prosjekt og gode eksempel frå andre delar av Europa på, delta i debattar, bli orientert om nye politiske føringar og kva som vert viktig i framtida på dette området. Representantar frå Vest-Norges Brusselkontor deltok på fleire av konferansane som fann stad, og under kan du sjå eksempel frå to av seminara vi deltok på, ”Regions, Provinces and Networks – Key to Success” og ”Powering regions for the 21st century”.

”Regions, Provinces and Networks – Key to Success”

Seminaret vart arrangert av Covenant of Mayors, eit nettverk av lokale og regionale myndigheiter i kampen mot klimaendringar. Bergen og Ålesund er med i denne rørsla som er basert på at lokale myndigheiter frivillig bind seg til å møte og overgå EU sitt mål om å redusere utslepp av CO2 med 20 % innan 2020 ved hjelp av auka energieffektivisering og utvikling av fornybare energikjelder. Ålesund har allereie levert sin SEAP (Sustainable Energy Action Plan).

Fleire medlemmar av Covenant of Mayors var tilstades på seminaret og fortalde om sine aktivitetar og suksesshistoriar, men òg om utfordringar dei møter når det gjeld å yte teknisk støtte og å utløyse finansiering. 

Eitt av eksempla som vart trekt fram var eit nasjonalt nettverk i Frankrike utvikla av ”French Club of the Covenant of Mayors” der medlemmar kan dele erfaringar og ha konkrete diskusjonar. Bakgrunnen er å finne løysingar på felles problem som skattesystem, nasjonale lover etc. som er unikt for dei nasjonale rammeverka og å freiste å påverke regjeringar for å nå måla Covenant of Mayors har sett seg føre. Eit liknande nettverk er under utarbeiding i Tyskland (frå oktober 2011) og i fleire andre land litt lenger fram i tid.

Nele Vandenreyt, frå regionen Limburg i Belgia, presenterte òg eit ambisiøst mål om å gjere Limburg karbonnøytralt innan 2020 ved hjelp av fleire steg som vart utdjupa. 

"Powering regions for the 21st century"

“The Ministry of Science, Economic Affairs and Transport of the Land Schleswig-Holstein” organiserte eit seminar om prosjekta RENREN og MORE4NRG. Begge prosjekta er Interreg IVC-prosjekt, finansiert av det europeiske regionalutviklingsfondet, med mål om betre erfaringsutveksling mellom regionale partnarar. Gode eksempel vert samla saman for så å bli delt mellom medlemmar med fleire. Partnarane i prosjekta vurderar kvarandre, kjem med råd og delar erfaringar med kvarandre. Dei to prosjekta kombinerar fleire energisektorar og koplar saman regionar frå heile Europa med 14 partnarar i RENREN og 11 i MORE4NRG.

Eit godt eksempel som vart trekt fram på dette seminaret var Energy factor 2 frå Västernorrland i Sverige. Målet med prosjektet er å redusere energibruken med 50 % ved hjelp av meir effektive kjøle- og oppvarmingsmetodar. Til dømes freistar ein å bruke snø for å kjøle ned eit sjukehus ved å lagre snøen om vinteren for så å smelte den om sommaren og bruke smeltevatnet for å kjøle ned sjukehuset.  Les meir her.