Europakommisjonen ber om innspel på kystforvalting.

Kystområde har stort potensial for økonomisk utvikling, ei aktiv fritid og eit godt liv. Kysten har eit rikt, men skjørt biologisk mangfald. Det er naudsynt med ei opa planlegging og leiing av europeiske vassområde for å ivareta motstridande interesser og sikre berekraftig nyttegjering av kystressursar.

Med dette utgangspunktet har Europakommisjonen lansert ei offentleg høyring der dei ber om innspel på EU sine framtidige råmer for maritim arealplanlegging. Høyringa er open i åtte veker.

Målet er at ein ved å utvikle eit godt råmeverk skal kunne hindre konfliktar, maksimere synergiar og sikre berekraftig bruk av maritime ressursar på tvers av sektorane som driv med ulike maritime aktivitetar.

Urbanisering, turisme og klimaendringar er noko av det som har negativ påverknad på kystområda med t.d. forureining, erosjon og overutnytting av ressursar som resultat. Manglande koordinering av maritime planar fører til lite effektive investeringar og hindrar best mogeleg stadutnytting. Ved utgangen av 2011 skal kommisjonen ta stilling til om dei skal føreslå framtidig handling frå EU på dette området. Les meir her.