Eurobarometer: Ungdom og arbeid

Europakommisjonen lanserte 13. mai ei ny undersøking om ungdom, arbeid og utdanning. Dei unge i Europa er blant dei som er hardast råka av den økonomiske krisa i Europa. Eitt av sju flaggskipinitiativ i EU sin Europa2020-strategi er ”Youth on the Move” som inneheld 28 nøkkeltiltak som skal auke unge sine sjansar for å få seg jobb ved å reise utanlands for å studere og lære, og ved å betre kvaliteten på utdanningane og gjere det meir populært å studere i Europa.

Hovudføremålet med undersøkinga var å sjå på kor mobile ungdommar (mellom 15 og 35 år) i Europa er når det gjeld utdanning og arbeid. Ein del av undersøkinga gjekk òg på kva bekymringar ungdommar har mot. jobbsøking, kva interesse dei har for å starte si eiga verksemd og om dei er villige til å flytte til eit anna land for å arbeide.

I studien kjem det fram at over halvparten av europeisk ungdom er villige til å flytta til eit anna land i Europa for å arbeide. Fleire er villige til å flytte for ein kortare periode, enn på permanent basis. Elles er unge menn og høgt utdanna ungdommar dei som er mest positive til å flytte på seg. Det er godt nytt i ein europeisk arbeidsmarknad der mobiliteten per i dag er nede på 3%.
 

Ungdommar som har studert i utlandet er òg meir tilbøyelege til å arbeide i eit anna land. Éin av sju (14%) unge europearar sa at dei har studert eller studerar for tida i utlandet. Det er store skilnadar mellom dei ulike europeiske landa på kor vanleg det er å studere i eit anna land, frå berre 3% i Tyrkia til 39% på Kypros og 41% i Luxembourg. Dei fleste som svara at dei har budd i utlandet har høgare utdanning eller er under utdanning. Det er òg dobbelt så mange som bur i by som reiser til utlandet enn som bur på bygda.

Nesten to tredjedelar (65%) av dei som har studert i utlandet seier at dei finansierte studiane sjølve. Berre 15% sa at dei har nytta seg av finansiering gjennom EU-program som t.d. Erasmus. 18% har fått nasjonal eller regional støtte til å studere i utlandet. For Noreg, Island og Luxembourg gjaldt dette ca. halvparten av dei spurde, medan tilsvarande tal i 17 av dei 31 landa som var med i undersøkinga var på under 20%.

Det ungdommane ser på som det viktigaste dei fekk ut av eit utanlandsopphald var forbetra språkkunnskapar, kulturforståing, tilpassingsdyktigheit og mellommenneskeleg kompetanse. men mange europeiske ungdommar har ikkje hatt sjansen til å studere i utlandet. 33% av dei som kunne ha tenkt seg å studere i utlandet, men som likevel ikkje har gjort det, nemner manglande finansiering som hovudårsak. Omtrent éin fjerdedel av dei spurte nemner familieforpliktingar som ein grunn for kvifor dei ikkje har studert i utlandet. Kvinner og respondentar med berre lågare utdanning er mest tilbøyelege til å oppgjev familieforpliktingar som grunn.

43% av dei ungdommane som vart intervjua sa at dei kunne tenkt seg å starta si eiga verksemd i framtida, medan 42% ikkje hadde noko interesse for entreprenørskap. Dei yngste respondentane synte mest interesse, her var halvparten av dei spurte interessert i å starte for seg sjølve. 6% har allereie si eiga verksemd. Entreprenørskapsinteressa er størst i Bulgaria. Der ynskjer 74% å starte for seg sjølv. Minst interesse er det i Italia der berre 27% ynskjer å starte si eiga verksemd. Grunnane som vert oppgjevne som grunnen til kvifor mange ikkje ynskjer å starte si eiga verksemd er at det inneber for høg risiko og at det er for komplisert.

57000 ungdommar vart telefonintervjua i samband med undersøkinga i månadsskiftet januar/februar. Ungdommane kjem frå alle dei 27 EU-landa samt Kroatia, Noreg, Island og Tyrkia. Sjå heile undersøkinga her.