Digital Agenda i EU

”A Digital Agenda in Europe” (heretter Digital Agenda) er namnet på EU sin strategi for å skape ein blømande digital økonomi innan 2020. Målet er å maksimere den positive effekten av den digitale revolusjonen for alle. Digital Agenda er eitt av sju flaggskip i EU sin Europa2020-strategi. Med utfordringar som ein aldrande populasjon og global konkurranse står EU ovanfor tre val: dei må enten jobbe hardare, lenger eller smartare – og mest sannsynleg alle tre. Men det tredje valet er det einaste som kan garantere auka levestandard for europearar. For å oppnå det føreslår Europakommisjonen gjennom Digital Agenda tiltak som må skje raskt for at Europa skal vere på rett spor mot smart, berekraftig og inkluderande vekst.

EU jobbar hardt for å få med seg alle medlemslanda inn i den digitale tidsalderen. Det er store skilnadar mellom EU-landa når det gjeld tilgang til Internett, utbygd breiband, og kva offentlege tenester som er tilgjengeleg på Internett. 30% av innbyggjarane i Europa har aldri vore på Internett. Målet er at Europa framleis skal vere ei økonomisk stormakt å rekne med på linje med Kina og USA i 2020.

Sjølv om måla ein ynskjer å oppnå er klare og det er stor semje om desse, står ein ovanfor store utfordringar med omsyn til sikkerheit for brukarane og å utvikle felles standardar og rettar. Digital Agenda tek føre seg sju punkt som er peikt ut til å vere dei største hindera for at ein skal kunne utnytte potensialet IKT har i Europa fullt ut. Dei sju punkta er:

-fragmenterte digitale marknader
– mangel på interoperabilitet (elektronisk samhandling)
-aukande nettkriminalitet
– mangel på investering i nettverk
-utilstrekkeleg forsking og innovasjon
-mangel på digitale ferdigheiter
-går glipp av mogelegheitene IKT gir m.o.t. sosiale endringar og utfordringar

Nettsky

Nettsky eller ”cloud computing” er eit heitt tema i EU denne våren. Mange meinar at ”cloud computing” vil er like revolusjonerande som datamaskina var då den kom, og at det vil endre t.d. byplanleggjing, korleis verksemder fungerar, korleis vi arbeidar og kva innbyggjarar forventar av nettbaserte tenester. Ifølgje Gartner som utfører marknadsundersøkingar, er ”cloud computing” allereie ein global industri  ($68 mrd.) som veks med 17% kvart år.

”Cloud computing” betyr at data vert lagra i datasenter og at det er tilgjengeleg for oss frå kvar som helst, utan at vi treng å vere tilkopla ein lokal server. Dvs. at ein kan kjøpe it-tenester etter kvart som ein treng dei, noko som er særskilt nytting for små verksemder. Dette vil føre til meir innovasjon ettersom kostnadane ved å feile vert mykje lågare pga. at grunninvesteringane minskar.

”Internet of things” er namnet på sensorar med trådlaus teknologi som kan sende informasjon om alt rundt oss, inkludert applikasjonar, dyr og ting. Det kan t.d. gjere det lettare å unngå trafikkorkar, umogeleggjere nasking i butikkar og endre reklamen rundt  oss alt etter kva vi er opptekne av. Alle desse dataa kan lagrast i nettskyer.  Men overgangen til slike nettskyer er avhengig av at brukarane føler at det er trygt å bruke. Her spelar dette med sikkerheit og eigedomsrett ei viktig rolle, som t.d. når ei verksemd har informasjon lagra i eit anna land.
Det er difor viktig at EU raskt kan utvikle eit fungerande rammelovverk for at ein lettare skal kunne etablere nettsky-tenester på tvers av landegrenser. Det må òg vere like lett å skifte nettsky-tilbydar som å skifte t.d. mobiloperatør dersom ein skal kunne sikre reell konkurranse.

Handelsprinsipp for IKT-tenester

Europakommisjonen og USA har under rammeverket i TEC (Transatlantic Economic Council) nyleg vorte einige om ti grunnleggjande handelsprinsipp for IKT-tenester. EU og USA vil saman med andre land promotere desse prinsippa over heile verda for å støtte den globale utviklinga av IKT-nettverk og –tenester, og såleis tillate tenestetilbydarar å konkurrere om kontraktar på lik linje med lokale tilbydarar.

Prinsippa som USA og EU ynskjer å fremje dreiar seg om openheit, opne nettverk, informasjonsstraum på tvers av nasjonale grenser, ikkje-diskriminerande bruk av lokal infrastruktur, effektiv og ikkje-diskriminerande bruk av spektrum for å nemne noko. Implementeringa av desse prinsippa over heile verda vil ikkje berre føre til betre kommersielle mogelegheiter for europeiske og amerikanske verksemder, men òg bety meir konkurranse med påfølgjande lågare prisar for innbyggjarane i desse landa, samt tilgang til meir teknologi og fleire tenester.

Tre område som er avgjerande for auka vekst

Effektiv interoperabilitet (elektronisk samhandling) mellom produkt og tenester må på plass for at vi skal kunne byggje eit digitalt samfunn. For å sikre at nettverk, applikasjonar, tenester og apparat samhandlar på ein slik måte at vi best kan utnytte moglegheitene IKT gjev oss, er det naudsynt å utvikle standardar. Utviklinga av standardar må skje raskt for å halde følgje med teknologimarknaden. Særskilt når det gjeld offentlege innkjøp er det viktig å tenkje på at standarden ein vel må vere open for alle tilbydarar slik at ein kan sikre konkurranse og unngå å bli låst til ein leverandør.

Det finst store mogelegheiter for både innsparingar og betre offentlege tenester ved å ta i bruk tilgjengeleg teknologi. Men mange offentlege tenester som kan gjerast tilgjengeleg på nettet, som eHelse, krev sensitiv informasjon som legejournalar og personnummer. Med aukande nettkriminalitet er tryggleik eit av dei viktigaste innsatsområda for Europakommisjonen.
 

Eit anna viktig tiltak for EU er å sikre at flest mogeleg får tilgang på raskast mogeleg breiband. Det må til for å skape fleire arbeidsplassar og økonomisk vekst. Økonomien i framtida vil vere ein nettverksbasert kunnskapsøkonomi. Europa treng raskt breiband som er vidt tilgjengeleg og med konkurranseprega prisar. Målet i Europa2020-strategien er at innan 2020 skal alle europearar ha tilgang til Internett på meir enn 30 Mbps og over 50% av europeisk huslydar skal abonnere på Internett-tilgang raskare enn 100 Mbps. For å nå desse måla er det naudsynt med offentleg styring, elles vil ein ende opp med veldig raskt breiband i få utvalde urbane strøk til høge prisar.

Dersom EU klarar å levere det dei har sett seg føre med Digital Agenda vil det føre til meir innovasjon, økonomisk vekst og gjere livet enklare både for innbyggjarar og bedrifter. Betre helsetenester, tryggare og meir effektive transportløysingar, reinare miljø, nye mogelegheiter innan media og lettare tilgang til offentlege tenester og kulturelt innhald er noko av det EU trekk fram som mogelege positive resultat av Digital Agenda.

Les "A Digital Agenda for Europe" her.