I samarbeid med Bergen Næringsråd, inviterte Vest-Norges Brusselkontor (VNB) Nicolas de La Grandville, EU sin ambassadør til Noreg, til å holde innlegg på årskonferansen til Næringsrådet. VNB tilbaud samtidig å lage eit fagleg opplegg for å vise fram viktige satsingar i regionen som er særleg relevant for EU sitt arbeid. Det blei ein særs vellukka rundtur i regionen vår, med mange gode samtalar.

Dette var ambassadøren sitt første offisielle besøk til Vestland. Programmet VNB laga til inkluderte besøk til Vestland fylkeskommune, Bergen kommune, Øygarden kommune og Høgskulen på Vestlandet (HVL), som alle er medlem i Vest-Norges Brusselkontor. De La Grandville var imponert over deira arbeid, og fekk som bonus nyte vest-norsk landskap i strålande sol.

Vestland riggar seg for det grøne skiftet

Ambassadøren følgjer godt med når fylkesordføraren fortel om Grøn region Vestland.

Ambassadøren starta dagen hos fylkesordførar Jon Askeland, med introduksjon til Grøn region Vestland. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Vestland fylkeskommune og Innovasjon Norge. Prosjektet arbeider saman med kommunar, næringsliv og andre lokale aktørar for å fremje berekraftig omstilling og skape nye arbeidsplassar i regionen. Ernst and Young har på vegne av Grøn region Vestland kartlagt over 250 prosjekt innan grøn næringsutvikling, som igjen har resultert i 16 grøne hubar med avgrensa geografiske område der tilhøva ligg særs godt til rette for gjere fylket til ein leiar innan det grøne skiftet. Realiseringa av hubane har potensiale til å skape over 17 000 grøne arbeidsplassar, i tillegg til auka eksport og lågare utslepp.

Ambassadøren fekk også høyre omfylkeskommunen sin internasjonale strategi og arbeidet med ny regionplan for fornybar energi. Alle desse satsingane har tydeleg kopling til EU sine ambisjonar, og legg eit godt grunnlag for å ytterlegare styrke europeisk samarbeid. Ambassadøren let seg imponere, og vil ta det han har lært med seg inn i sitt arbeid.

Karbonfangst- og lagring i Øygarden

Tom Georg Indrevik og Nicolas de La Grandville.

Neste stopp på programmet var Øygarden kommune. De La Grandville blei tatt imot av ordførar Tom Georg Indrevik, og fekk høyre om alt det spennande som skjer der innan grøn industriutvikling og samferdsel. Dette inkluderte også ein fin introduksjonsvideo som kommunen har laga: Øygarden – eit fyrtårn i Vest.

Saman med ordføraren reiste me vidare ut til det nye besøkssenteret til Northern Lights i Energiparken, der til og med EU-flagget vaia i vinden. Anleggsleiar Karl Inge Ulveseth introduserte oss til det storslegne CCS-prosjektet. Me fekk også sjå framdrifta med eigne auge då det var full aktivitet rett utanfor. CCB Energy/ Energiparken arbeider samtidig med å byggje ein klimavenleg industripark som er tilknytt CO2-mottaksanlegget til Northern Lights. Ambassadøren var svært engasjert og interessert i det pågåande arbeidet i Energiparken.

Me runda av programmet hos fungerande ordførar i Bergen kommune, Linn Kristin Engø. Det blei ein fin  samtale om verdien av europeisk samarbeid. Solidaritet og arbeid med ukrainske flyktningar blei også diskutert. Dette er viktig arbeid som pågår i mange europeiske byar. Ambassadøren signerte også den offisielle besøksprotokollen, og Engø og de La Grandville utveksla gåvebøker.

Nicolas de La Grandville, Linn Kristin Engø og Merete Mikkelsen.

Makt og avmakt

Bergen Næringsråd arrangerte sin årlege konferanse 18. november, med krigen i Ukraina som bakteppe for programmet. I sitt innlegg snakka Ambassadør de La Grandville om korleis EU har manøvrert seg gjennom kriser som pandemi og krig i Europa, og om dei langsiktige utfordringane som både krigen og klimakrisa skapar. Han understreka viktigheita av samhold, og framheva også det gode og stabile forholdet EU har med Noreg. At EU-ambassadør de La Grandville er ein lydhør mann, er det ingen tvil om. Ambassadøren avrunda nemleg sitt innlegg med å sitere Vestland fylkeskommune sine verdiar: kompetent, open og modig. «Dette er også verdiar EU og Norge må ha med oss når vi held fram med vårt gode samarbeid inn i framtida», avslutta han. Ambassadøren fekk i tillegg høve til å bli betre kjent med Bergen Næringsråd sine medlemsbedrifter, lokale politikarar og andre sentrale aktørar. Takk til Næringsrådet for godt samarbeid rundt Årskonferansen.

Framtidsretta aktivitet på Høgskulen på Vestlandet

Ambassadøren og Gunnar Yttri

Det var veldig kjekt for oss på VNB å kunne avslutte det faglege opplegget hos Høgskulen på Vestlandet (HVL). Her fekk de La Grandville treffe rektor, Gunnar Yttri, og andre tilsette på campus Bergen. HVL synleggjorde korleis dei bidrar til regional utvikling gjennom framtidsretta utdanning og eit målretta internasjonalt arbeid. Ambassadøren fekk mellom anna lære om HVL sitt arbeid med hydrogenteknologi og deltaking i ulike prosjekt innan program som Horisont Europa og Erasmus+. HVL er til dømes koordinator i eit nyoppstarta Horisont-prosjekt innan nautikk, OCEAN. Det er også verdt å nemne at Høgskulen i fjor vart tildelt prisen for årets Erasmus+-institusjon av HK-dir. Ambassadøren syns det var interessant å høyre at HVL har utvikla sin eigen student-app for utveksling, som skal gjere det enklare å søke seg ut i verda.

Tusen takk til Nicolas de La Grandville for stort engasjement og interesse for alt det spennande arbeidet i regionen. Sist, men ikkje minst, går ein stor takk til Vestland fylkeskommune, Øygarden kommune, Bergen kommune, HVL og Energiparken for varm velkomst og presentasjonar av fyrste klasse!

Nedanfor kan du sjå fleire bileter frå besøket.