Ambisiøs transportstrategi i EU

Nyleg var leiinga i Samferdselsdepartementet i Brussel for å oppdatere seg på EU sin samferdsels politikk. EU sin transportstrategi fram mot 2050 var eitt av hovudtemaa. ”Fornuftig, men særs ambisiøs,” var dommen frå departementsråd, Eva Hildrum. Målet med transportstrategien er å etablere eit indre europeisk transportområde utan barrierar. Forslaga i strategien skal bidra til auka mobilitet, gjere EU mindre avhengig av oljeimport og redusere CO2-utsleppa i transportsektoren med 60 % innan 2050.

”EU si kvitebok for transport er særs ambisiøs og omfattande. Samstundes som strategien skal bidra til auka mobilitet, set ein mål om ambisiøse utsleppskutt. Det er to motstridande mål, og kan bli ei stor utfordring,” seier Hildrum i Samferdselsdepartementet.

Strategien skisserar ei naudsynt endring av transportsystemet. Det lange tidsperspektivet gjer at strategien lyt vere dynamisk m.t.p. teknologiske framskritt og endringar i den økonomiske situasjonen. Men Hildrum meinar at nokre punkt er politisk kontroversielle, som t.d. finansiering av transportløysingar for framtida: ”Standardisering og strenge krav til miljøvenlegheit har ei utgiftsside. Det å stille høge krav i retning ”forureinaren betalar” er hensiktsmessig ut frå eit miljøperspektiv, men i ein periode prega av finanskrise kan mobilitetsmålet då bli utfordra,” seier Hildrum til den norske EU-delegasjonen i Brussel

Særskilte utfordringar i Noreg
Lange avstandar og spreidd busetjing fører til andre utfrodringar i Noreg enn i Sentral-Europa når det gjeld transport. Det er for tidleg å seie noko om Noreg kjem til å be å tilpassingar på enkelte punkt. Det er særleg innanfor vegprising, standardisering og luftfartssektoren at det kan bli aktuelt. ”I luftfartssektoren er det heilt naudsynt å oppretthalde mange små lufthamner, særleg i vest og nord. Det er gjerne ikkje heilt i tråd med miljøambisjonane i EU-strategien. Vi må følgje med på politikkutforminga i Brussel og gjere våre spesielle behov kjende,” seier Hildrum.

Kviteboka skal handsamast i Det Europeiske Råd og i Europaparlamentet. Det er venta at dei vil komme med sine merknader over sumaren.