Ynskjer å forbetre tryggleiken til helsepersonell

Omlag 1,2 millionar tilsette i helsesektoren blir ramma av skader grunna skarpe gjenstandar. Eit nytt EU-direktiv vil prøve å redusere risikoen for slike skader. 

Direktivet er allereie vedteke i Rådet, og vil gjennom EØS-avtalen vere gjeldande også for Noreg.
Sjølve avtalen vart lagt fram i juni 2009, men det var først den 8. mars 2010 at rammeavtalen vart vedteken. Denne avtalen må innførast i alle land som er medlem av EU og EØS. Strategien i avtalen er mellom anna risikovurdering, førebygging, risikostyring og oppfølging.

Om ein gjennom ei vurdering avslørar ein risiko for skade, så blir det set i gang tryggleiksprosedyrar for å redusere risikoen for skade. Jobben til direktivet er rett og slett å skape eit trygt så mogleg arbeidsmiljø, særskilt i helsesektoren.

Les meir om saka på EU-delegasjonen sine eigne nettsider.