Bilde: Assembly of European Regions

VNB set fokus på helse under Open Days 2011.

Regionkomiteen kunngjorde den 29. mars lista over dei regionale partnarskapa som er godkjende som partnarar i Open Days 2011. Det vart då klart at Vest-Norges Brusselkontor deltek som partnar i arrangementet for sjuande året på rad.

Open Days vert arrangert av EUs Regionkomité (CoR) i samarbeid med Europakommisjonen sitt generaldirektorat for regionalpolitikk (DG Regio). Dette årlege arrangementet set regional utvikling på agendaen. I år er det spesielt fokus på korleis ein på lokalt nivå bidreg til smart, berekraftig og inkluderande vekst i samsvar med samhøyrigheitspolitikken. Frå 10. til 13. oktober 2011 vil den niande utgåva av Open Days gå av stabelen i Brussel. Rundt seks tusen deltakarar kjem til å vitje over hundre ulike debattar, workshops og utstillingar. Omtrent ein tredjedel av desse arrangementa er det regionale partnarskap som står bak.

Regionane VNB samarbeidar med er Mid-Norway, Central Denmark, Centro region of Portugal, East of England og den polske regionen Warmia and Mazury. Temaet gruppa har valt for Open Days 2011 er helse, og namnet på gruppa er: ”2020 Regions – Acting for a Healthy Future”, medan seminaret som skal gå av stabelen 12. oktober har tittelen ”Innovation for a healthy future”.

Regionar i alle delar av Europa møter mange av dei same utfordringane innanfor helsesektoren, som til dømes demografiske endringar, spreidd busetjingsmønster, utflytting og vanskar med å rekruttere arbeidskraft til helsesektoren. På lokalt og regionalt nivå er ein også direkte involvert i implementeringa av helsestrategiar, og det er på dette nivået at ein har ansvar for å levere helsetenester. IKT tilbyr ei rekkje mogelegheiter for å løyse nokre av desse utfordringane. I seminaret vil ein få presentert gode eksempel, t.d. bruk av demografiske undersøkingar og e-tenester i helsesektoren.

Planleggingsarbeidet fortset utover våren, og VNB vil informere nærare om programmet for seminaret når dette er klart. Vi oppfordrar dei som er interessert i regional utvikling til å setje av Open Days-datoane 10.-13. oktober allereie no.