Utdanningsrapport frå Europakommisjonen: God framgang, men større innsats må til

EU-landa har forbetra utdanningssystema sine på nøkkelområde i løpet av det siste tiåret, men har berre nådd eitt av dei fem hovudmåla dei hadde sett seg føre å nå innan 2010, slår Europakommisjonen sin nye tilstandsrapport om utdanning fast. EU har nådd målet om å auke talet på elevar som fullfører realfagsstudiar. Dette talet har gått opp med 37 % sidan 2000, noko som er langt høgare enn målet ein hadde sett seg på 15 %.

Det har òg vore god framgang på dei andre områda, sjølv om ein ikkje har klart å nå måla ein hadde sett seg når det gjeld å redusere talet på elevar som sluttar på skulen, auke talet på elevar som fullfører vidaregåande skule, betre leseferdigheitene og auke talet på vaksne som tek utdanning eller får opplæring.

Dei nye måla for 2020 vart utdanningsministrane einige om i 2009:
– Talet på elevar som sluttar på skulen burde vere under 10 %.
– 40 % av alle mellom 30-34 år bør ha høgare utdanning. Dette talet er no på 32,3%.
– minst 95% av born mellom 4 år og barneskulealder bør delta i førskuleundervisning.
– Talet på 15-åringar som har utilstrekkelege kunnskapar i lesing, matematikk og naturfag bør vere under 15%.
– Minst 15% av vaksne (25-64 år) bør delta i vaksenopplæring.

Sjølv om det er for tidleg å seie noko sikkert om desse tala, er det om ein ser på tidlegare måloppnåingar realistisk at ein klarar å nå desse måla innan 2020 dersom medlemslanda held fram med å prioritere og investere i utdanning. Finn rapporten her