RegioStars

VNB skreiv i førre veke om det femte Cohesion Forum som fann stad i Brussel 31. januar – 1. februar, der ein diskuterte korleis framtidas samhøyrigheitspolitikk kan bidra til å oppnå Europa 2020-måla. Det som kom fram på konferansen var at dei regionale tilskotsordningane bør brukast til å skape arbeidsplassar og bærekraftig vekst. EU har ein av verdas største økonomiar, men det er framleis store regionale skilnadar. Ein av fire regionar har eit bruttonasjonalprodukt per person på under 75 % av gjennomsnittet i Europa.

Å redusere skilnadane er viktig for utviklinga i EU, særskilt i dagens harde økonomiske klima. Omtrent 350 mrd. Euro er tilgjengeleg gjennom tilskotsordningane i løpet avd ei sju åra fram til 2013. Midlane vert brukte til å delfinansiere prosjekt i samspel med nasjonale, regionale og lokale myndigheiter innanfor Europa. Så langt har tilskot ført til 1,4 mill. nye arbeidsplassar, sysselsetjing for 34 mill., og ytterlegare 36 millionar har fått auka kunnskapsnivået sitt gjennom støtteordningane ifølgje ein rapport frå november 2010. Det vert ma. satsa på arbeidstrening særskilt for utsette grupper, og infrastruktur som vegar, jarnbane og renseanlegg for vatn.

EU ynskjer no at støtten skal gå til å skape vekst og fleire arbeidsplassar i tråd med Europa 2020-strategien.  På det femte Cohesion Forumet debatterte ein strategien sit krafttak for å skape bærekraftig økonomisk vekst som er smartare, grønare og meir inkluderande.  Nokre regionar brukar allereie støtteordningane i tråd med Europa 2020-strategien. Eksempel på dette er Litauen, Wales, og Brandenburg i Tyskland som alle er nominert til EU si prisutdeling, RegioStars. Les meir her.