Statsstøtte: Rettleiing til tenester av allmenn interesse:

Europakommisjonen har kome med ei rettleiing for å hjelpe myndigheiter med å tilby høgkvalitetstenester av allmenn interesse. Med denne rettleiinga freistar ein å kaste lys over gjeldande EU-reglar for organisering og finansiering av tenester av allmenn interesse. Slik kan rettleiinga vere til god hjelp, særskilt for myndigheiter på lokalnivå, når desse skal tilby høgkvalitetstenester i tråd med EU-reglane.

Rettleiinga omhandlar korleis medlemslanda kan finansiere tenester av allmenn interesse i hht. statsstøttereglane. Det går klårt fram at reglane ikkje er meint å påtvinge bruk av ein særskilt modell for organisering av offentlege tenester, men skal sikre at det ikkje vert løyvt meir midlar enn naudsynt.

Vidare omhandlar dokumentet at offentlege myndigheiter kan følgje reglar for offentleg innkjøp og på same tid sikre kvalitet, innovasjon, kontinuitet og breidde i sosiale tenester. Det vert òg greidd ut om at tilbyding av sosiale tenester kan vere avgrensa til å kun vere tilgjengeleg for null-profitt tilbydarar. Les meir på Europakommisjonen sine nettsider.