No kan du lett samanlikne utdanningssystema

Europakommisjonen har no gjort tilgjengeleg ei nettside der du kan samanlikne dei ulike utdanningssystema i EU/EØS-land. Systemet har fått namnet The European Qualifications Framework for lifelong learning (EQF), og er eit verkty som skal gjere det lettare å arbeide eller studere over landegrensene.

For at systemet skal fungere skikkeleg vert europeiske land som deltek i ”Education and Training 2020” invitert til å relatere sitt utdanningssystem til det europeiske systemet (EQF) samt å inkludere det relevante EQF-nivået i nye vitnemål. Foreløpig er det berre nokre få land som er tilgjengeleg for søk, og Noreg er ikkje blant desse per i dag. Sjå nettsida her.