Prioriteringar for regional utvikling

BUSINESSEUROPE publiserte nyleg næringslivet sine prioriteringar for EU sin samhøyrigheitspolitikk. Dei skisserar korleis den framtidige politikken bør sjå ut for å skapa regional utvikling. Dei oppfordrar til reform av politikken for å realisere jobb- og vekstpotensialet i regionane. Dei seier òg noko om kva hensyn som bør takast i ei tid med stort press på dei offentlege finansane. BUSINESSEUROPE ynskjer å samle ressursane innanfor nokre få prioriterte område i tråd med Europa 2020 og såleis betre den reginale konkurransekrafta. Implementeringa bør rettast mot vekst- og verdiskapande aktivitetar som ma. innovasjon, næringsutvikling og transeuropeiske nettverk.

BUSINESSEUROPE tilrår at ein tek i bruk uavhengige evalueringar og premierar dei programma som oppnår best resultat. Dei framhevar òg ma. at det er viktig å sørge for betre samarbeid mellom kommisjonen og medlemslanda for å sikre betre koordinering av regionale og nasjonale program. Kilde: NHO