Prioriteringane til det nye polske formannskapet i EU

I juli 2011 tek Polen over formannskapet og skal styre arbeidet i Det Europeiske Råd for ein seksmånaders periode. Kvart halvår er det eit nytt av dei 27 medlemslanda i EU som tek over leiinga av Rådet, i samsvar med eit roteringssystem. Oppgåvene som føl med formannskapet er m.a. å arrangere konferansar og møter på alle nivå, setje dagsordenen i EU, føreslå retningslinjer og sikre kompromiss. I 2007 innførte EU ei ny ordning med at tre medlemsland skal samarbeide om oppgåvene, for slik å sikre kontinuitet mellom dei tre etterfølgjande formannskapa. Dei tre landa vert einige om eit felles program for ein periode på 18 månader. Polen kjem difor til å samarbeide med Danmark og Kypros, som er dei neste landa som skal leie formannskapet i 2012.

Programmet for det polske formannskapet i Det Europeiske Råd i andre halvdel av 2011 vart nyleg vedteke av det polske ministerrådet. Vest-Norges Brusselkontor var til stades på informasjonsmøtet som European Policy Centre arrangerte, der Jan Tombiński, Polen sin faste representant til EU, orienterte om prioriteringane til det polske formanskapet. Det var tre hovudtema som peikte seg ut: slutt på krisa – europeisk vekst, sikring av energi, forsvar og mat, og eit “ope Europa” – openheit for potensielle medlemmar og eksterne samarbeidspartnarar. Dette er nokre av hovudutfordringane for det komande polske formannskapet.

Slutt på krisa – vekst i Europa

Det polske formannskapet freistar å byggje ein konkurransedyktig europeisk union og stimulere den økonomiske veksten ved å utvikle den indre marknaden. Dei ynskjer å arbeide med EU sitt budsjett gjennom dei første formelle debattane om EU sitt fleirårige finansielle råmeverk (Multi-annual Financial Framework). Når det gjeld dei økonomiske spørsmåla, er det eit ømfintleg tema. EU sine framtidige utfordringar og prosjekt er avhengige av å ha eit tilpassa og effektivt budsjett. Polen sin faste representant til EU understreka òg kor viktig det er å styrke det økonomiske samarbeidet på EU-nivå og eit ynskje om å utvikle ein berekraftig økonomisk modell.
Ei av hovudutfordringane er å jobbe mot å oppnå måla i Europa2020-strategien. Humankapital vart nemnt, og Jan Tombiński minte om betydinga av utdanning og behovet for å styrke dei europeiske forskings-, utviklings- og utdanningssektorane. Samhøyrspolitikken vil ha ei sentral rolle, og vert sett på som eitt av dei beste verktya til å modernisere EU av det polske formannsskapet. Reform av den felles landbrukspolitikken (CAP) for at den skal bli meir konkurransedyktig og modernisert, vert òg sett på som naudsynt. Det vil òg bli lagt vekt på utviklinga av elektroniske tenester, eit europeisk patentsystem og betring av situasjonen for små og mellomstore bedrifter, særleg når det gjeld tilgang til kapital.

Når det gjeld Schengen-avtalen og diskusjonane rundt den den siste tida, er det polske formannskapet klar over at det er naudsynt å sikre EU sine grenser mot ulovleg menneskehandel (såkalla ”trafficking”) og innvandring. Jan Tombiński minna derimot om at ein òg må tenke på kostnadane ved å avslutte Schengen, og konsekvensane det ville ha for den indre marknaden dersom ein skulle gjeninnføre dei indre grensekontrollane.

Sikring av energi, forsvar og mat

Eitt av hovudmåla er å bygge eit ”sikkert Europa”. Mange område fell inn under dette uttrykket. Ifølgje det polske formannskapet må energispørsmål stå høgt på agendaen i den neste formannskapsperioden, og med bakgrunn i det ynskjer dei å skape eit grunnlag for ekstern energipolitikk i EU. Det er eit hovudpunkt med tanke på EU sine svakheiter (importavhengige) på dette området. Det er eit ynskje om å få større variasjon i kjelder utanfor Europa, og såleis sikre forsyninga. Polen ser på denne sektoren som strategisk for økonomisk vekst og let ikkje att døra for potensielle interne løysingar som t.d. den kontroversielle skifergassen.

Eit anna punkt som vart tatt opp var forsvarsspørsmål. Det polske formannskapet vil arbeide med å styrke dei militære EU-strategiane og forsterke dialogen mellom EU og NATO. Elles skal Frontex styrkast for å ta seg av grensekontrollen for at dei skal vere ei meir effektiv støtte for medlemslanda dersom ein krisesituasjon skulle oppstå. Når det kjem til matsikkerheit ynskjer det polske formannskapet å sjå på måtar ein kan sikre forsyninga til EU innanfor råma av diskusjonane rundt det fleirårige finansielle råmeverket og CAP.

Openheit

Ei av hovudsakene for det polske formannskapet vil vere avsluttande forhandlingar rundt Kroatia sitt EU-medlemsskap. Det er eit teikn på at Europa framleis er ope for omverda, då spesielt Balkan-statane. Diskusjonane med samarbeidspartnarar i aust vil bevege seg meir mot synet på avtalar, frihandelsområde og liberalisering av visumkrav. Eastern Partnership Summit skal arrangerast i september for å få til vesentleg framgang. I presentasjonen sin understreka Jan Tombiński mogelegheitene for eit tettare samarbeid mellom EU og Ukraina, som ifølgje han ikkje er utvikla nok. Dei ynskjer òg å ta initiativ ovanfor Russland med mål om å utvikle eit EU/russisk samarbeid for modernisering.

Den arabiske våren, og følgjene av den, er ei stor utfordring. EU treng å vere aktivt involvert på dette området med fokus på eit samarbeid som støttar demokratisk omforming og utviklinga av moderne statsstrukturar som fostrar framveksten av eit sivilsamfunn og stimulerar til økonomisk utvikling og vekst.