Økonomisk krise styrkar nasjonalismen i Europa

Gjennomsnittleg arbeidsløyse i Europa er på 10%. I Spania er den det dobbelte. Talet på arbeidsledige i EU har auka frå 16 millionar i 2008 til nærare 23 millionar i 2011. Tre land har overskot i statsbudsjetta: Noreg, Sveits og Estland. Berre fem av 27 EU-land innfrir EU sitt budsjettkrav om maksimum 3% underskot i statsbudsjettet: Sverige, Danmark, Finland, Luxembourg og Estland.

LO Brussel kom nyleg med rapporten ”Den europeiske økonomiske og sosiale vêrmeldinga” som gjev ei oversikt over ulike sosiale og økonomiske utviklingstrekk i dei europeiske landa. Ifølgje rapporten er Noreg det einaste landet i Europa der kjøpekrafta for lønsmottakarane faktisk aukar. Arbeidsløysa i Noreg er på 3%. Men den alvorlege økonomiske situasjonen for mange andre land i Europa med påfølgjande store kutt i offentlege budsjett kan føre til tøffare tider for norske eksportbedrifter som har Europa som sin viktigaste marknad.

LO peikar i rapporten på at det er den store ungdomsledigheita som er verst. Det er heile 5,5 millionar arbeidsledige under 25 år i Europa, noko som tilsvarar 21,1%. Det at så mange unge ikkje kjem inn på arbeidsmarknaden skapar grobotn både for politisk passivitet og aksjonisme. Mange stader fører det til lågare valdeltaking, medan mange av dei som brukar stemmeretten sin stemmer på høgreorienterte parti som ynskjer ein klårt strengare innvandringspolitikk. Å kutte i trygdeordningar til dei som er ledige slik mange land no ser seg nøydde til å gjere kan få store konsekvensar. Valet i Finland er eit godt eksempel på kva ein kan vente seg når veljarane let seg freiste av populistisk og ekstrem retorikk. LO trekk trådar til mellomkrigstida og minner om framveksten av klåre ytterleggåande ideologiar i både Tyskland, Italia og Spania med bakgrunn i økonomisk krise og høg arbeidsløyse.

"Who do I call if I want to call Europe?" – Henry Kissinger

Kombinert med situasjonen i Nord-Afrika og det massive innsiget av flyktningar til Europa gjer det at nasjonalismen er på frammarsj i mange EU-land. EU-kommissæren for den indre marknaden, Michel Barnier, sa i ein tale ved Humboldt-universitetet i Berlin i samband med Europadagen nyleg at mykje sterkare integrasjon og éin valt EU-president som må presidere både Europarådet og Europakommisjonen kan vere den einaste løysinga dersom ikkje Europa skal bli eit offer for nasjonal populisme og sjølvgodskap.

Piotr Maciej Kaczynski, forskar ved Centre for European Policy Studies, meinar at ei slik samanslåing av presidentrollane ville gjere EU mykje meir synleg. Han seier òg at det er fullt mogeleg å gjennomføre i 2014 utan naudsynte regelendringar. Då må Rådspresidenten sin periode fornyast, og ny president for Europakommisjonen skal veljast frå den politiske flanken som vinn parlamentsvalet. ”Det er ikkje noko i reglane som står i vegen for at dette kan bli ein realitet” uttalte Kaczynski til EurActiv som svar på utspelet frå Kommissær Barnier.

Kommissæren argumenterte òg for eit felles asylsystem, felles diplomati i eit eige europeisk utanriksdepartement og eit felles forsvar i staden for Catherine Ashton sitt ”European External Action Service”. Barnier meinar det er naudsynt for å sikre at nasjonalismen ikkje vinn fram, sjølv om ein då byrjar å nærme seg det som skal til for at ein stat kan kallast suveren.