Offentleg sektor får skulda for auka gjeld i bedrifter

Det at offentleg sektor har vanskar med å betale rekningane sine fører til meir gjeld og kveler veksten hjå private verksemder ifølgje European Payment Index 2011, som vart publisert 26. mai. Avskrivne krav kom opp i 312 milliardar Euro i løpet av dei siste 12 månadane, noko som er ein auke på 3% frå i fjor, og meir enn redningspakkane EU har gitt til Hellas, Portugal og Irland på 275 milliardar Euro til saman, ifølgje undersøkinga utført av Intrum Justitia

Undersøkinga som omfattar 6000 europeiske verksemder syner store variasjonar mellom landa, med ein nedgang på avskrivingar i Tyskland, medan det var 1/3 auke i Storbritannia. 28% av verksemdene som deltok i undersøkinga (55% i Storbritannia) ser på forsinka betaling som ein trussel mot eigen eksistens, medan 45% ser det som eit hinder for vekst.

Offentleg sektor er verstingen

Verksemder skriv av uteståande fordringar når dei ikkje lenger trur at dei vil bli betalt, så det inneber ei viss grad av skjønn. Lars Wollung, adm.dir. i Intrum Justia sa at det er viktig at offentlege aktørar, som har midlar til å betale det dei skuldar til rett tid, gjer opp for seg for å frigjere kapital og hindre at bedrifter må avskrive gjeld eller går konkurs.

Luc Hendrickx i European Association of Craft, Small and Medium-Sized Enterprises (UEAPME) sa at offentlege myndigheiter er dei dårlegaste betalarane i Europa når det kjem til tid. Med alt snakket om økonomiske stimuli, og i ei tid der det er klårt at mange bedrifter slit, kunne det offentlege ha med milliardar berre ved å betale rekningane sine i tide.

Er betalingsdirektivet redninga?

Når det nye betalingsdirektivet trer i kraft i mars 2013 må offentlege aktørar betale alle rekningar innan 30 dagar. Verksemder kan bli einige seg imellom at dei ikkje skal følgje denne regelen. Undersøkinga avslørte at få verksemder har kjennskap til direktivet. Frankrike, Spania og Italia var dei einaste medlemslanda der meir enn 40% av verksemdene hadde høyrt om dei nye reglane. Kjelde: EurActiv