Nytt om transport frå Europakommisjonen

 

Europakommisjonen har gitt ut eit nytt nummer av magasinet Panorama for transport og regionalpolitikk. ”Transport er mykje meir enn å reise frå ein plass til ein annan”, skriv Dirk Ahner, direktøren i DG Regio. ”Det handlar om transportsystema som vert til ved hjelp av EU-støtte, og som er med på å skape økonomisk vekst, berekraft og tilgang til essensielle tenester.” Transport og regionalpolitikk heng tett saman. Det er ingen tvil om at investeringar i infrastruktur og transport er drivarar for verdiskaping. Utan effektive transportsystem risikerar innbyggjarar i rurale område å bli avskorne frå jobbar og tenestetilbod. 

EU har som mål å redusere utsleppa med 80-95% innan 2050. 60% av utsleppsreduksjonen lyt kome frå transportsektoren. Sjølv om transporten har vorte reinare, er det meir trafikk enn nokosinne og meir enn 96% av energibruken kjem framleis frå fossilt drivstoff. Den vidare utviklinga av transportsystemet i Europa bør styrast mot ei oppbygging av eit ressurseffektivt transportsystem som byggjer på innovasjon og som tek omsyn til klimaendringar, miljøutfordringar og territorielt samhøyr. 
 
Dersom du vil lese meir om kva som har vorte gjort og kva som står på agendaen framover når det gjeld utvikling av transportsystemet i Europa frå eit regionalt perspektiv kan du lese heile magasinet her