Ny brosjyre frå Aktiv Ungdom.

Den nye hovudbrosjyren frå Aktiv Ungdom , EU si støtteordning for ungdomsprosjekt, er no tilgjengeleg. Den kan lastast ned frå nettet eller ein kan få den tilsendt i posten dersom ein ynskjer det. Søknadsskjema for 2011 er no tilgjengeleg på norsk, og den norske versjonen inneheld mykje tilleggsinformasjon. Neste søknadsfrist er 1. april for prosjekt som byrjar frå 1. juli.

Det er ungdom mellom 13 og 30 år, samt personar som arbeidar med ungdom som er i målgruppa for støtteordninga, og føremålet er å styrke ungdom si deltaking og engasjement i samfunnet, å styrke ungdom si internasjonale forståing og toleranse, samt å styrke ungdomsarbeidet i Europa og bidra til auka europeisk samarbeid på ungdomsfeltet. Finn meir informasjon på: http://www.aktivungdom.eu/