Kvitfisk framleis populært hos EU-borgarane

EU-landa fiskar stadig mindre fisk, til tross for at dei framleis et like mykje fisk  som for 20 år sidan. EU-landa står for nesten halvparten av forbruket av dei aller viktigaste kvitfiskartane i verda, men fangsten av kvitfisk i EU har gått drastisk ned frå 1.5 millionar tonn til 750 000 tonn. Sjølv om aukande import har vore med på og halde forbruket på 1.5 millionar tonn kvitfisk stabilt. Dette kjem fram i tal frå Norges Sjømatråd. 

Torsk er det aller viktigaste kvitfiskslaget i alle EU-landa, etterfølgt av pollak og pangasius. Tal frå 1992 visar at hake, sei og uer var mest populært då.

Den aller største konkurrenten til kvitfisken er laksen. For om prisen på laksen er lågare enn prisen på kvitfisken i ferskfiskdisken, så fører dette til at kvitfisken blir konkurrert ut. Dette er fordi tilgangen til laks held eit visst nivå heile tida, og den er fersk når den havner i butikken hos forbrukarane i EU.