Innovasjonskrise i Europa

Europakommisjonen offentleggjorde 9. juli 2011 ein rapport om forskings- og innovasjonssituasjonen i EU og dei seks andre landa som deltek i EU sitt råmeprogram for forsking, inkludert Noreg. Rapporten skal gjevast ut annakvart år, og er den fyrste utgåva innanfor råmene av initiativet innovasjons-EU. Rapporten erstattar ein tidlegare rapportserie om vitskap, teknologi og konkurranseevne.

Innovasjonsprestasjonen i EU må bli mykje betre på mange område dersom Europa2020-strategien skal kunne skape ein smart og berekraftig vekst kjem det fram i kommisjonen sin rapport om innovasjons-EU si konkurranseevne for 2011. Europa treng fleire og smartare investeringar i både offentleg og privat forsking og utvikling. I tillegg til å styrke veksten på mellomlang sikt, er det òg med på å dempe verknadane i krisetider. Ein må ha meir forskingssamarbeid i EU og internasjonalt, og nytte seg betre av forskingsresultat, m.a. gjennom ei betre ordning for immaterielle opphavsrettar. Utdanningssystema må tilpassast innovasjonstrongen i næringslivet. Innovative vekstbedrifter (SMB) bør ha fleire incentiv. Ein felles innsats er naudsynt for å kunne byggje vidare på dei lovande resultata i Europa rundt innovasjonsspørsmål når det gjeld å takle globale problem som t.d. klimaendringane. Ein lyt òg arbeide for å fjerne ubalansen mellom kjønna blant vitskapsfolk og på forskingsområdet.

Hovudresultat frå rapporten:

• Europa bør investere meir i forsking og innovasjon. I forhold til BNP investerar verksemdene dobbelt så mykje i Japan og i Sør-Korea som i Europa.

• I økonomiske nedgangstider verkar investering i forsking og innovasjon dempande på krisa. Land som har auka investeringar i forsking og innovasjon har betre utsikter for å komme seg ut av finanskrisa.

• Investeringar i innovasjon må vere smartare. Aktørane som har oppnådd best resultat har målretta investeringane sine mpt smarte spesialiseringsstrategiar, der politikken på tilbydarsida samsvarar med politikken på etterspørselsida.

• Utviklinga av høgt utdanna personar skal samsvare med behovet hjå bedriftene.

•Integrasjon og internasjonalisering av forsking aukar avkastinga på investeringar.

• Utilstrekkelege råmevilkår hindrar vitskap i å bli omsett til produkt og tenester som kan marknadsførast. EU produserar flest fagleg evaluerte vitskaplege publikasjonar i verda, men likevel leverar halvparten av medlemslanda ingen patentsøknadar. Det nye EU-patentet som det for tida vert forhandla om er eit viktig skritt i rett retning.

• Europa har eit stort potensial mtp. teknologiske nyskapingar som kan vere til hjelp for samfunnsmessige utfordringar. Det at EU i 2007 teikna 40 % av patenta som hadde med klimaendringsteknologiar å gjere syner at målretta foskings- og demonstrasjonsinvesteringar på sentrale område i kombinasjon med støtteordningar til marknadsutvikling kan føre til ny teknologi og innovasjon.

• Det er stor trong for fleire innovative vekstbedrifter (SMB). Då trengst det ei strukturendring både innanfor ulike sektorar og på tvers av ulike sektorar.

Sjå heile rapporten her
Kjelder: Europakommisjonen og Europalov.