IN-TIME-prosjektet skal betre mobiliteten i europeiske byar.

EU-prosjektet IN-TIME skal gjere det lettare for folk å avgjere kva som er den beste reisemåten i europeiske byar. Ikkje berre vil det vere ein måte for folk å finne den raskaste reisemåten, men systemet vil òg kunne redusere utsleppa og såleis minske den negative effekten trafikken har på miljøet.

Tanken med IN-TIME er at reisande skal endre reiseplanane sine som følgje av samhandlande, multimodale trafikkinformasjonstenester i sanntid (RTTI). Prosjektdeltakarane fokuserer på tre område. B2B-tenester vil gje tilbydarar av trafikkinformasjon tilgang på regionale trafikkdata. Slik kan desse tilbydarane tilby RTTI-tenester til sine brukarar via mobiltelefonar eller navigasjonsinstrument. Den informasjonen brukarane får tilgang til bør då føre til at den reisande vel den beste ruta basert på t.d. energiforbruk, kostnad og trafikktettleik. Systemet vil ha tilgang på eit breidt spekter av informasjon, inkludert rutetider og oppdateringar om ulukker og vegarbeid. Ei nettbasert teneste vil òg gjere det mogeleg å planleggje ei reise i tettbygde strok med mål om å finne den beste reiseruta frå A til B med tanke på reisetid, kostnad og reisemåte.

Ifølgje partnarane i prosjektet vil IN-TIME redusere utslepp ved å gjere fleire reisemåtar meir attraktive, føre til auka trafikksikkerheit pga. redusert stressnivå i trafikken, samt at ein håpar at dersom pilotprosjekta er vellukka vil prosjektet også føre til ein oppsving i økonomien som følgje av at verksemder vil få lågare distribusjonskostnadar, fleire jobbar i telematikksektoren, samt stadfeste Europa sin posisjon som verdsleiande innanfor intermodale reiseinformasjonssystem.

Systemet er framleis ikkje tilgjengeleg på vestlandet, men dersom du ynskjer å teste systemet kan du gjere det om du skulle befinne deg i ein av dei seks europeiske pilotbyane: Brno (Tsjekkia), Bukarest (Romania), Firenze, Venezia, (Italia), München (Tyskland) eller i Oslo (Noreg). Appen for Oslo kan du laste ned her. Les meir her og her.