Høyring om tilgang til eksterne marknadar for offentlege innkjøp

Europakommisjonen har ute ei høyring til offentlege myndigheiter, verksemder og andre om tilgang til eksterne marknadar for offentlege innkjøp. På Kommisjonen sine nettsider kan ein no finne ei spørjeundersøking som vil vere tilgjengeleg å svare på fram til 2. august. Målet er å sikre ein sterkare forhandlingsposisjon for tilgang til marknadar for offentlege innkjøp hjå andre handelspartnarar. Det vil føre til fleire mogelegheiter for europeiske verksemder, slik som det står omskrive i EU sin fornya handelsstrategi.

Lovgjevinga skal òg fastsetje klåre reglar for tilgang til marknaden for offentlege innkjøp innanfor EU som utgjer 1 800 milliardar euro for verksemder utanfor EU. Det vil gje betre rettssikkerheit både for offentlege myndigheiter i EU som må handle varer og tenester utanfor EU og for deira internasjonale leverandørar.

Sjå pressemeldinga frå Kommisjonen her

Fyll ut skjemaet her