Høyring om sikkerheit ved offshore petroleumsverksemd.

Europakommisjonen har lansert ei høyring om sikkerheit knytt til offshore petroleumsverksemd. Fristen er sett til 11. mai, og Noreg har mogelegheit for å komme med innspel. I utlysinga for høyringa syner Europakommisjonen til meldinga frå 13. oktober i fjor, ”Facing the challenge of the safety of offshore oil and gas activities”. Der vart det fremja forslag om tildeling av lisensar, offentlege tilsyn, katastrofeberedskap, internasjonalt samarbeid og tetting av hòl i lovgjevnad som omhandlar ansvar/miljølovgjevnad, helse og sikkerheit og produktlovgjevnad. I samband med det vidare arbeidet med nemnte forslag ber no Kommisjonen om innspel.

Det meste av lovgjevnaden på området er sett saman av direktiv som omhandlar sikkerheita for arbeidarar på offshore petroleumsinstallasjonar og som sikrar at tildeling av konsesjonar og løyver skjer på ein open og rettvis måte. Innanfor miljø finst det ingen EU-lover særskilt for offshoreindustrien. Men miljøansvarsdirektivet, habitatsdirektivet og fugledirektivet vert tolka til å gjelde for offshore petroleumsverksemd. For produktsikkerheit gjeld nokre EU-lover for utstyr på ikkje-mobile offshoreinstallasjonar.
Les meir her. Lenkje til høyringa finn du her.